Gry er i finalen i 71 grader Nord
Etter steintøff innsats på Porsangerhalvøya sikra Gry Skarstein seg ei av tre billettar til finalen i 71 grader Nord.
- Min mann til og med sa at eg ikkje kom til finalen. Han tok feil, kom det frå Gry då ho i lag med Steffen Falck-Antonsen var først i mål og sikra finale-plassen.
Gjennom 14 episodar har 35-åringen frå Nore Neset verkeleg vist seg finaleplassen verdig. Etter 31 dagar på farten med 71 grader Nord-sirkuset fekk TV-sjåarane i kveld følgja Anne Thoresen, Victoria Birkeland, Steffen Falck-Antonsen og Gry Skarsteins tøffe kamp om å bli blant dei tre som får vera med i finalen og 15. og siste episode av den tøffe tur/reality-kampen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Semifinalen var verkeleg tøff. Me vart inndelte i to lag - Anne og Victoria og Steffen og meg. Heile etappen vara i to dagar, og den første dagen gjekk me frå tidleg morgon til sikkert klokka 22.00 om kvelden, fortel Gry.
Om samarbeidet med lagkamerat Steffen seier ho dette:
- Eg var litt spent på å sjå korleis innsatsen vår vart framstilt på TV i kveld. Når me gjekk feil var han veldig kjapp med å gje meg skulda, og når me lukkast tok han gjerne æra for det. Men men, det kom no tydeleg fram kven det var som gjekk framst og tråkka spor hvertfall, ler norenesingen.
Ho stod også for episodens beste kommentar då ho like ved ei elv blåste ut til makker Steffen:
- Eg gidd ikkje tape dette her berre fordi du ikkje vil bli våt på beina.
Emosjonelt augneblink
Midt i strevet for med å sikra seg finaleplass i konkurransen kjente Gry på ein vond klump i magen. På denne etappen hadde ho vore borte frå familien i godt over ein månad, og den eine dagen var det bursdagen til mellomste-jenta, Lilly.
- Eg hadde bestemt meg for å syngja bursdagssongen hennar på den eine posten, og gjennomførte det sånn nokolunde, men det var eit svært emosjonelt augneblink. Der og då syntes eg det var svært vondt å ikkje få vera med ho og gratulera ho med 10-årsdagen, fortel Gry.
Klippet vart ikkje vist i, men opplevinga var sterk for Gry.
Artikkelen held fram under annonsen.
Veninne Victoria vann duellen mot Anne og er også klar for finalen.
Neste helg reiser Gry og dei andre deltakarane i årets 71 grader Nord-konkurranse til Oslo for å feira avslutninga på årets sesong. Finale-sendinga skal dei sjå i lag på måndag.
- Det blir veldig artig. Det kanskje ikkje alle veit er at dei einaste som veit kven som vann, er oss tre som kom til finalen, så det er sikkert mange av dei tidlegare deltakarane som er spente på å sjå korleis det heile ender, seier Gry.