Gründerar - no er tida her

Nett no er det viktigare enn nokon gong å «løysa ut» gründeren i deg, skriv Laila Reiertsen.

LESARBREV: Landet vårt har store utfordringar. Blant anna merkar me her vest ei særs stor auke i arbeidsløysa. Noko som får store konsekvensar både for samfunnet, den einskilde og han eller ho sin familie.

Nett no er det viktigare enn nokon gong å "løysa ut" gründeren i deg. Særleg kvinner bør ta steget ut og få ideen sin sett ut i livet. Dette fordi ein veit at det er fleire menn enn kvinner som startar opp for seg sjølv. Og eg nektar å tru at kvinnene har færre idear enn menn. Men kanskje kvinner ikkje vågar like mykje som mennene?

Artikkelen held fram under annonsen.

Me må leggja forholda meir til rette for at fleire skal våga å ta steget til å starta opp for seg sjølv.

Regjeringa har sett fokus på dette området, både med ein ny gründerplan og Innovasjon Norges nye tiltak for å hjelpa endå fleire i gang. Samtidig har regjeringa sett av 400 millionar ekstra i 2016, nett for å få i gang nyetableringar. Ein held også fram med forenkling og avbyråkratisering.

Vi må få fram ein kultur for gründerskap i Noreg. Og vi må vera mange som støttar dei som vil satsa. Her må dei gode ideane få sine utløp.

Kommunar er og ein viktig aktør i gründerprosessen. Her må ein vera ein aktiv pådrivar for nyetableringar. Arbeidsplassar i eigen kommunen vert resultatet. Og ikkje minst vert kommunen ein populær næringslivspådrivar.

Sverige er god på gründerverksemd. Og dei har hatt stor suksess med at det vert gjeve skattefrådrag på inntil 650.000 svenske kroner per person per år på investeringar opptil 1,3 millionar kroner. Det er klart at også Noreg må vurdera slike incentiv.

Laila Reiertsen

Stortingsrepresentant Frp

Familie- og kulturkomiteen