Grønt gras, ny sesong og nye moglegheitar

Neste helg opnar Bjørnefjorden Golfklubb sommarbanen. «Os og Fusaposten» har prata med nokon som gler seg litt ekstra.

Banemeister Per Ove Bahus Lysvold har teke over som dagleg leiar, eller driftleiar, som han sjølv kallar det, i golfklubben på Hauge.

Fredag ettermiddag var Os&FusaTV oppom for å prata med den nye sjefen, samt for å laga ein liten stemningsrapport om sesongstarten for golfarane. Blant dei me prata med var to av klubbens største unge talent - Juni Torjussen (17) og Anders Engelsen (20).