Gratulerer SØFTELAND
Endeleg har kommunestyret gitt STIL løyve til å regulera område som er avsett til Idrett og Friluftsformål, og arbeidet kan starta opp, skriv Aps Helge Steinum.
Søftelandkrinsen veks i folketal, og me ser at det er trong for fleire fotballbanar og andre arenaer for idrett og friluftsliv. Stilvoll er for liten i høve til aktivitet, og garderobeanlegget har stor trong for fornying. Vidare ser me at større nærleik til skulen og Friplassen er ein vinn-vinn situasjon for alle. På sikt er også eit Allaktivitetshus med hall, garderobeanlegg i tillegg til andre fasilitetar nødvendig.
For Os Arbeidarparti har dette vore ei viktig sak i fleire valperiodar. Ved sist val var partiet heilt tydeleg på at arbeidet måtte starta opp. Både ved sist årsbudsjett, og no ha partiet i lag med sine samarbeidsparti, tatt dette med. Ja, me har også finansiert inntil 500 000 som tilskot for arbeidet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me gler oss over at no går også posisjonen med FrP og H inn for dette, men då utan å gi noko økonomisk støtte til arbeidet. At FrP, som ved valet lova ishockeyhall på Søfteland, først nogår inn for oppstart av regulering, kan ein undre seg over. Men me gler oss over at arbeidet kan starta, og me håpar område kan bli til glede for komande generasjonar på Søfteland.
Gratulerer Søfteland og lukke til med arbeidet!
Helge Steinum
Gruppeleiar Os Arbeidarparti