Gjevarglede i juletida
Sundag var det stordugnad i Os sentrum. Musikk, song og aktivitetar til inntekt for syriske flyktningar stod på programmet. På kveldstid heldt Marco Elsafadi føredrag i Kløvertun.
Den siste sundagen i advent er det tid for å opna augo og hjelpa dei som ikkje har det så godt.
- Vi har stelt i stand hesteriding, det er skøytebane på Telthusplassen, og i tillegg har vi fått besøk av nissemor. Eigentleg skulle det vera eit skirenn for dei minste også, men det var ikkje nok snø i Eikedalen til at vi kunne henta og laga ei løype her i sentrum, fortalde primus motor, Tove Tvedt Skarstein, før arrangementsstart.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mange frivillige var på plass for å ta i eit tak for prosjektet.
- Det er mange som har stått på og som ønskjer å hjelpa til. I tillegg stiller Søviknes og kommunen opp som vanleg, fortalde Skarstein.
Artige aktivitetar
Hesteridning var blant aktivitetane i sentrum. Trass i grått vêr var det fleire som koste seg på hesteryggen.
- Det er noko spesielt med å takla eit så stort dyr. Vi trur borna set pris på å gjera noko dei ikkje gjer til vanleg. Sist helg hadde vi same aktivitet her i sentrum og då var det meterlange køar. Dessverre er ikkje vêrgudane heilt med oss i dag, fortel Kristin og Kjersti Haukeland.
På torget gjekk nissemor rundt og delte ut små presangar til dei minste.
- Det er noko spesielt med det å vera nisse. Borna får stor tillit til deg. Det er gjevande å sjå kor glade dei blir når dei får lov til å velja ei lita gåve kvar, fortel nissemor.
Støtte frå kommunen
Ordførar Terje Søviknes sa nokre velvalde ord om flyktningkrisa i regnvêret. I appellen kunngjorde han også at kommunestyret var samde om å støtta prosjektet med 20.000 kroner, samstundes som same beløp også gjekk i retning flyktninghjelpa.
- Det er fantastisk at lokale engasjerte set i gong slike tiltak som dette. Vi har alltid visst at osingane har hatt gjevarglede og brydd seg om dei som har det verre enn oss sjølve, skrytte Søviknes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fullt i kløvertunet
Klokka 18 opna konferansier Geir-Magne Johnsen Moberg tilstellinga i Kløvertunet. Myrna Braza, Olav Skorpen, Kari Torsvik og Solfrid Hernes framførte fin musikk før mikrofonen vart gjeve til kveldens hovudgjest, Marco Elsafadi. Den tidlegare basketballspelaren fanga merksemda til dei som møtte opp med eigne erfaringar og morosame kommentarar.
Då han spurde salen kva det var å vera raus, var "å lytta" eitt av svara han fekk.
- Og det kjem frå ein mann, spøkte Elsafadi momentant, til stor latter i salen.
Han var også imponert over kva osingane hadde stelt i stand.
- Det er flott å sjå at enkelte eldsjeler kan engasjera så mange folk. Eg har sjølv vore på flukt og veit kor fælt det kan vera, og det er difor ekstra kjekt å sjå kor mange her som bryr seg, fortalde Elsafadi til Os og Fusaposten.
Celeber gjest
Skarstein syntest det var stor stas å ha den tidlegare Mesternes Mester-vinnaren som foredragshaldar.
- Han er ein veldig flink talar og det var mange som kom for å høyra på han.
Før krigen i Syria braut ut fekk ho vera med den høgreiste 40-åringen til Midtausten i lag med familien hans. Ho veit at pengane som vert samla inn kjem til nytte.
Artikkelen held fram under annonsen.
- 2200 norske kroner gir ein familie der nede mat i ein månad. Pengane som kjem inn i kveld går rett til dei familiane, informerer Skarstein.
Kveldens siste innslag vart framførte av dei lokale artistane Myrna Braza og Thomas «Tomtom» Haugland, før allsong og to vers av «Deilig er jorden» fylte rommet på veg ut.
60.000
- Om vi tek med gåva frå kommunen, blei det totalt samla inn om lag 60.000 kroner. Det er vi veldig nøgde med for ein slik spontanaksjon, fortel Skarstein.
Tilbakemeldingane frå dei som deltok på arrangementet var også veldig bra.
- Vi har fått gode tilbakemeldingar og eg trur alle sovna med eit godt smil om munnen søndag, seier Skarstein.