Generasjonsmøte på Luranetunet
- Eg ville heller vera ilag med folk enn å sitja i eit klasserom, seier Rebecka Mikkelsen. Mandag besøkte 15-åringen Luranetunet med Nore Neset ungdomsskules valfag «Innsats for andre».
- Mellom bakkar og berg utmed havet. Spede og litt usikre tenåringsstemmer stemmer i, før dei eldre damene tek over med stor tyngde og stø tonar.
Det er mandag ved lunsjtid, og sju tiandeklassejenter frå Nore Neset ungdomsskule er på haustens tredje besøk hos pleie- og miljøavdelinga ved Luranetunet. Årsaka er valfaget «Innsats for andre». Jentene har utarbeidd planar med ulike aktivitetar for bebuarar med fysisk aktivitet inne og ute, spel, mat, historieforteljing - og altså allsong av «Mellom bakkar og berg».
Artikkelen held fram under annonsen.
Etterpå er det servering av dessert og saft. Fruktsalat med yogurt går ned på høgkant, medan praten går om alt frå strikking til barneborn.
Stas
- Vi set veldig stor pris på dette, smiler avdelingssjukepleiar Regine Samnøy. Etter tre besøk har ho erfart at dei eldre set stor pris på det ungdomelege innslaget.
- Det er kjekt at det skjer noko. Og så er det stas å treffa unge folk, seier ho.
Gleda ser ut til å vera gjensidig. Jentene går rundt og pratar med dei eldre og latteren sit laust hos både gamal og ung.
- Eg valde dette fordi eg heller ville ilag med folk enn å ha gym eller sitja i eit klasserom, seier Rebecka Mikkelsen. Ho får støtte frå medelev Silje Kanestrøm.
- Det høyrdest gøy ut. Dessutan er det kjekt å hjelpa andre, seier ho.
Bebuar Anna Mjelde ser ut til å vera einig. 93-åringen legg strikketøyet til side og snakkar med jentene om laust og fast.
Rekruttering
Avdelingssjukepleiar Regine Samnøy legg ikkje skjul på at ho vonar valfaget kan få fleire til å velja Luranetunet som arbeidsplass.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Valfaget kan i alle fall hjelpa elevane litt i veg når dei skal velja utdanning, seier ho.