Fusa Sp har svart

Ein treng ikkje reisa lenger enn til Bergen for å sjå kva Frp-garantiar er verd når det gjeld eigedomsskatt, skriv Svein Lang (Sp).

LESARBREV: Magne Djuvik (Frp) etterlyser svar på kva Senterpartiet meiner om eigedomsskatten.

- Å ikkje svara er arrogant og vitnar om at ein ikkje har forstått kven politikarane er til for, skriv han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva Sp meiner på dette punktet står i programmet vårt. I tillegg skreiv eg eit svar som kom på trykk i onsdag 2. september. (Av ein eller annan grunn er innlegget ikkje kome på nettsida til Os og Fusaposten. Dette gjeld forøvrig fleire innlegg frå Senterpartiet.)

Av programmet vårt går det fram at Fusa Senterparti "kan vurdera å auka eigedomsskatten dersom tenestenivået blir trua. Målet må vera å oppretthalda det gode tilbodet me har i dag. I tillegg vil me helst styrkja helse- og omsorgstilbudet."

Eg la til at ingen i Sp vil auka eigedomsskatten utan at det er pressarende nødvendig.

Magne Djuvik skriv at Frp er garantisten for at eigedomsskatten ikkje vert auka i komande periode.

Ein treng ikkje reisa lenger enn til Bergen for å sjå kva Frp-garantiar er verd når det gjeld eigedomsskatt.

Svein Lang

Ordførarkandidat, Fusa Sp