Fusa Høgre med vind i segla

Fusa Høgre var det einaste partiet som hadde framgang ved førre val. Og dette til tross for at antal representantar vart redusert, skriv Aud-May Boge.

Våre tre representantar har gjort eit svært godt arbeid i denne perioden. Vi har nok vore mest opptekne av å finna gode løysingar for våre innbyggjarar, og har ikkje vore så opptekne av å få sett vår merkelapp på sakene. Når valkampen no nærmer seg slutten og det er lite tid igjen til å debattera viktige saker, ynskjer eg å trekkja nokre tema "fram frå skuggen".

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvalitet i helse og omsorgssektoren

Det har med rette vorte hevda at helse og omsorgssektoren har kome i skuggen av skulestrukturdebatten i denne valkampen. Fusa Høgre vil derfor no på tampen få sagt noko om mellom anna dette temaet.

Fusa Høgre sitt mål er eit betre tilbod til alle som treng kommunen sine tenester. Vi vil fornya og auka tilbodet av sjukeheimsplassar og omsorgsbustader for personar med behov for heildøgns helse- og omsorgstenester, uavhengig av alder, diagnose og funksjonshemming.

Høgre skal no i haust leggja fram ein opptrappingsplan, eit kraftig løft for å styrkja tilbodet til menneske med rusproblem, og til psykisk sjuke. Kommunen får midlar til dette i form av frie inntekter. Vi ser at det blir mange viktige oppgåver innan helse og omsorg framover.

Fusa Ungdomsskule

Når skuledebatten har gått for fullt, har dette naturleg nok handla om drifta av barneskulane våre. Drifta av ungdomsskulen har ikkje vore noko tema. Det same gjeld for oppgraderingsbehovet ved skulen, etter det eg har registrert. Eg ynskjer derfor å framheva at skulen har eit betydeleg vedlikehalds-/oppgraderingsbehov. Dette ynskjer Fusa Høgre å gjere noko med. Vi vil lage ein vedlikehaldsplan for skulen for å sikra at vi får framdrift i arbeidet.

Ny kommunestruktur

Denne saka har nok fått ei breiare omtale enn t.d. helseområdet. Vi vil likevel gjenta Fusa Høgre sitt standpunkt i saka. Vi arbeider for opne og gode prosessar i drøftinga av ein eventuell ny kommunestruktur, og har ikkje noko forslag til svar før saka er endeleg utgreidd.

Målet vårt er at me skal behalde og videreutvikle tenestetilbuda me har i dag, og sikra arbeidsplassar i kommunen vår for framtida. Alle som bur i Fusa skal verta tekne hensyn til i vårt arbeid. Vi har hatt møte kringom i Fusa og ser at folk har ulikt syn i saka alt etter kvar i kommunen dei er busett. Dette er det viktig å ha med seg i vårt vidare arbeid. Vi har stor tru på Fusa!

Eigedomsskatt eller anna inntekstpotensiale

Fusa Høgre har ikkje noko mål om å auke eigedomsskatten i komande periode. Vi er optimistar med hensyn til anna potensiale som kan hentast fram for å få ein sunn kommuneøkonomi. Vi vil forenkla, fornya og forbetra. I fylgje produktivitetskommisjonen kan kommunane spare 30 mrd dersom alle var like gode som "den beste i klassen" .

Idrett og kultur

Fusa Høgre arbeider for eit tett samarbeid med Fusa Idrettsråd. Regjeringa har auka satsinga på lokalidretten frå 2014. Andelen av spelemidlar er auka frå 11,25% til 13% i 2014. Dette vil vera med og gje eit løft til idretten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fusa Høgre vil også arbeida aktivt for at idrettsanlegg får fleirbruksmoglegheiter. Dette vil gje eit betre driftsgrunnlag for anlegga i framtida.

Aud-May Boge

Ordførarkandidat, Fusa Høgre