Framtidas Os: Ein stad folk vil bu
Os er ein bra stad å bu, og mange vil busetja seg her. Kan det bli enda betre å vera osing, og korleis skal ein få det til? Os Venstre meiner det kan gjerast store forbetringar.
LESARBREV: Dei som har styrt Os dei siste 16 åra - og især ordføraren - har vore svært flinke til å syna fram alt det positive som skjer, og stå fram og ta ære for det.
Alle område der det har vore ei negative utvikling vert det sagt svært lite om. Det er i alle høve ingen som står fram og klart seier at dei tar ansvar for utviklinga på desse områda. Etter 16 år med einevelde, skulle ein tru at det hadde vore mogleg å få til meir. Os slit no med:
Artikkelen held fram under annonsen.
. For dårleg kvalitet i skulen på grunn av ressursmangel. Det har vorte fleire elevar, og ressursbruk per elev har gått ned og ligg lågt i høve til dei me bør samanlikna oss med. Utviklinga har gått i feil retning.
. Talet på arbeidsplassar i høve til folketalet i kommunen har utvikla seg negativt. Os kommune har ikkje hatt ein medviten og langsiktig næringspolitikk. Det nyttar lite å berre visa til Lyseparken som kjem om 6-8 år. Samanlikningar med andre kommunar viser at Os skorar dårleg på både arbeidsplassar og kompetanse.
. Framleis er det «lite liv på Øyro». No ser det endeleg ut til å skje noko, utover det at utbyggjara får lov til å bygja bustadar på dei beste tomtene langs strandpromenaden. Det kunne vore laga ein slik plan for 12-16 år sidan. Det var snakk om manglande liv på Øyro då også.
. Manglande planmessig utbygging i heile Os kommune. Skal ein få ei utbygging som er både økonomisk effektiv og miljømessig, må alle tilhøve rund utbygginga takast omsyn til. Det må lagast planar (slik ein omsider har starta på for Osøyro), kommunen må ha ei fast hand på det, og planane må følgjast. Slike planar må også lagast for krinssentera i kommunen. Ein bør ikkje berre byggja ein «ishall», - slikt må vera del av ein større plan som skaper levande og effektive lokalsamfunn.
. Å visa varme og omsorg for alle. Os har fleire gonger takka nei på førespurnad frå styresmaktene om å ta imot fleire flyktningar og asylsøkjarar. Skal Os no også bli ein av kommunane som følgjer opp Siv Jensen sin «boikott-oppfordring» av flyktningeavtalen som blei gjort i Stortinget?
Meir kan nemnast, men berre dette er nok til at eg må kjenna litt på om eg er så stolt av å vera osing - nett no. Det gode er at dette kan det gjerast noko med - om osingane vil. Snart får du valprogammet til Os Venstre i din postkasse. Der finn du våre svar på kva som bør gjerast for å snu utviklinga, mellom anna på desse områda.
Identitet - det å vera kjent for noko - er grunnlaget for å kjenna stoltheit. Når eg fortel folk at eg kjem frå Os, er Terje Søviknes og Frp-kommune det første som blir nevnt. Eg har ikkje noko imot verken Terje eller andre konkurrentar i politikken, men tenk om dei hadde sagt: «Er det ikkje der dei har den beste grunnskulen i landet?».
Godt val!