Frå hårklipping til snorklipping
Etter 16 år hjå Syrin og Guri frisør hadde Marie Bruarøy fredag sin førebels siste dag. Frå no av vert det med snorklipping på den nye ordføraren.
Som varaordførar i sju år har ho heile tida visst at dagen kunne koma, men at det var nett no like før jul at ho skulle få ordførar-kjedet på permanent vis, det visste ho faktisk ikkje.
- Heilt ærleg. Eg fekk ingen forvarsel. Terje heldt heilt tett, også for meg, seier Bruarøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ny arbeidsdag
Os og Fusaposten fekk denne veka vera med ho på sin nye arbeidsplass på Rådhuset, så vel som då ho fredag tok hårklippen på sin siste kunde, Sigrun Kvalvåg.
- Det blir ein ganske annan arbeidskvardag. Truleg vert det travelt og utfordrande, men eg engstar meg ikkje. Skoa til Terje (Søviknes) er store å fylla, og det har eg ikkje tenkt til å prøva på. Eg skal rett og slett vera ein god versjon av meg sjølv. Så får me håpa at det er godt nok, og at osingane blir nøgde med den jobben eg gjer, seier Marie Bruarøy.