Fortryllande 10-årsdag
Ikkje alle tiårsdagar er like gøyale som den Nøtteliten barnehage feira tysdag.
Dei 90 borna i Nøtteliten barnehage syng Hurra for deg av full hals. Dei er samla til bursdagsfeiring på Humlebolet. Noko skal skje, men enno veit dei ikkje kva.
- Eg såg ein mann ute i gangen her. Han er visst komen på besøk, men eg veit ikkje kva han skal finna på. Kanskje han skal turna for oss, seier dagleg leiar Wenche L. Aabakken før den mystiske framande gjer entre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skrik
- Åhhh!
Det går eit sus gjennom rommet når Andini, som er ein sprell levande tryllekunstnar i lilla silkedress, hoppar fram.
- Uæææhh!
Nokre av dei yngste borna synest det vert i overkant skummelt, og må få litt trøyst og eit fang å sitja på.
- No skjer det som skjer kvar gong eg skal trylla. Det er alltid nokon som synest eg er litt skummel, men det er eg ikkje altså, smiler Andini.
Visjon
Det er ti år sidan Nøtteliten barnehage på Søfteland vart opna. Barnehagen har utvida kristen føremålsparagraf, og er eigd av Søfteland indremisjon og Os sokneråd gjennom Stiftinga Nøtteliten. Som alle seriøse bedrifter har barnehagen sin eigen visjon: " Ein herleg stad på jord for liten og for stor". Noko som stemmer godt på dei litt over 100 små og store som er samla til tryllestund i Humlebolet.
Stivpynta
Som seg hør og bør stiller fleire i tyllkjolar, perlekjeder og nystrøkne skjorter. Og sjølvsagt får alle avdelingane innpakka gåver frå dagleg leiar.
- Vi gler oss til seinare idag. Då er foreldre inviterte til gratis pølser med brød og bursdagsfeiring, smiler personalutviklar Ingvild V. Chyba.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjå video frå tryllekunstnarens show: