Forskar i ferien
Det boblar av både energi, latter og hydrogenperoksid på sommarens Forskerfabrikk på Os barneskule.
- Vi har lært om kvifor ein får vatn i munnen, seier Tobias ivrig.
- Ja, og så skal vi læra om korleis ein kan få vatn til å eksplodera, seier Veronika.
Artikkelen held fram under annonsen.
Veronika Nordang (10) frå Os og fanabuen Tobias Kørra Grande (11) er begeistra deltakarar på sommarskulen Forskerfabrikken.
Ei heil veke til ende skal 25 born, forska og eksperimentera seg inn i realfagas vidunderlege verd. Og kven har sagt at det treng vera kjedeleg? Hadde ikkje du hatt lyst til å få undersøka eit skjelett, kjenna på fine steinar eller laga rosa vulkanar, kanskje?
Eksplosiv
Veronika dreg på seg latekshanskar og rører ut tørrgjær i eit beger med lunka vatn. Samtidig blandar Tobias zalo, hydrogenperoksid og litt konditorfarge i ei flaske. Temperaturen på vatnet avgjer kor eksplosiv blandinga vil bli. Heldigvis har begge vernebrillene på.
- Er du klar, spør dei fotografen og heller gjærblandinga forsiktig ned i flaska.
Nokre sekund seinare veltar rosa skum over kanten. Veronika og Tobias er begeistra og straks klar for runde to.
Tidleg satsing
Forskerfabrikken vart starta i 2002, og det er andre året den sosiale entreprenøren tilbyr sommarskule i Os. Tilbodet er for elevar som skal opp i 5., 6. eller 7. klasse til hausten. Målet er å begeistra unge for realfag med tidlig satsing som eit mantra.
Fleire jenter
Etter 13 års drift syner tala at Forskerfabrikken har vokse enormt.
- Dessutan treffer vi mange jenter. Det er jo eit kjent problem at det er få jenter som vel realfagleg utdanning når dei vert eldre. Hos Forskerfabrikken ser vi at både gute- og jenteandelen har auka i takt med auka tilbod, men det er jenteandelen som har auka mest. Dette er nok eit bevis på at tidleg satsing vekkjer engasjement blant borna, seier multiplikator Ingrid Wilberg Arnesen i Forskerfabrikken.