Førjulstankar frå personalet ved Strandvik oppvekstsenter
Å bli foreslått flytta frå godt tilrettelagte fasilitetar, både inne og ute, til fysiske forhold med dårlegare kvalitet, kan vi ikkje på nokon måte sjå er til det betre for elevar og tilsette, skriv tilsette ved oppvekstsenteret i Strandvik.
LESARBREV: Ein underleg og uverkeleg haust er snart omme. Trugande nedleggingsskyer ligg over oss, skuledelen i Strandvik oppvekstsenter er foreslått lagt ned.
Kvar dag fokuserer vi på oppgåva vår, den mest meiningsfylte og verdifulle nokon kan ha. SMIL - for Stjerner i vekst, er visjonen vår. SMIL står for saman, mot og meistring, inspirasjon, latter, leik og læring. Vi kjenner oss privilegerte som gjennom dagen kan få arbeida med om lag 70 born i alderen 0-13 år. Dei er alle stjernene våre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit godt fungerande oppvekstsenter
Mange omtalar Strandvik oppvekstsenter som hjartet i bygda.
Hausten 2006, vart Strandvik oppvekstsenter etablert som eit av dei første oppvekstsentra i Fusa kommune, med barnehagen lokalisert i Grendahuset og skulen i skulebygget. Som tilsette har vi over tid arbeida oss saman, utvikla visjonen vår og utarbeidd felles planar. Saman med gode støttespelarar og gjennom stor dugnadsinnsats frå mange, kunne vi hausten 2013 opna ny barnehage, bygd fysisk saman med skulen. Endeleg oppvekstsenter under same tak!
Born og tilsette har fått gode, fysiske arbeidsforhold. Tilsette på skulen har fått betre arbeidsrom, vi har nye personaltoalett og garderobar, alt ferdigstilt hausten 2013. Uteområdet er romsleg og inviterer til allsidig aktivitet i eit flott nærmiljø. Skulen har gode, romslege klasserom, gymnastikksal, skulekjøken, eige SFO-rom og bibliotek med eiga utlånsordning. Alt ligg på eit plan!
Høgst oppegåande
Strandvik oppvekstsenter er høgst oppegåande. Etter omorganiseringa januar 2014, der vi fekk eining for barnehage og eining for undervisning, har vi vidareutvikla dei verdiane og den raude tråden som vi hadde lagt grunnlaget for. Vi fokuserer på tryggleik, samhandling, heilskap og best mogeleg kvalitet i læringsarbeidet.
I oppvekstsenteret opplever vi born som vert kjende med kvarandre, med dei vaksne, i miljøet, både inne og ute. Vi har mange samarbeidsprosjekt gjennom eit barnehage- og skuleår. Barnehage og skule samarbeider også for å gje eit utvida SFO-tilbod morgon og ettermiddag. Dette får vi til når vi held til under same tak og er løysingsorienterte.
Små og store møtest på tvers av alder og vi har eigen plan for overgang barnehage-skule. Vi har felles foreldregruppe med eit nært og godt samarbeid gjennom barnehage - og skuletida.
Flyttast to gonger
Fleirtalsframlegget frå formannskapet, seier at Strandvik sine elevar skal flyttast til Fusa skule frå hausten 2016. Det skal investerast i brakker slik at dei tilsette får arbeidsrom. Slik vi forstår det, viI elevane måtta få undervisning i to ulike bygg, på Fusa skule og Fusa samfunnshus. Å bli foreslått flytta frå godt tilrettelagte fasilitetar, både inne og ute, til fysiske forhold med dårlegare kvalitet, kan vi ikkje på nokon måte sjå er til det betre for elevar og tilsette, verken for Strandvik eller Fusa. Og kva med det tette samarbeidet med barnehagen i Strandvik? Heilskap og trygge overgangar i eit oversiktleg oppvekstmiljø? For oss er det ein stor verdi som går tapt!
- Heilt uforståeleg
Løysinga skal vera mellombels, medan politikarane skal finna ut kva dei vil.. Det er skapt ei stor usikkerheit med fare for nye samanslåingar og flyttingar kanskje allereie om to år. Vi veit kva som krevst i omstillingsprosessar, vi veit at dette tek tid. At elevar og vaksne skal gjennomgå dette to gonger med få års mellomrom, er heilt uforståeleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skal endringar gjerast, må det vera eit mål om at dette skal vera til det beste for elevane og dei tilsette. I forslaget skal altså Strandvik flyttast til ein stad der "bygningsmassen ikkje er veldig god" (jf. ordførar Kvåle, Os & Fusaposten si nettside 7.desember).
Kva er den økonomiske vinninga ved å slå saman Strandvik og Fusa? Vi saknar konkrete tal og reknestykke som viser dette. Løysinga som er skissert, må, slik vi forstår det, bli dyrare.
Vi kan ikkje på nokon måte sjå at dei endringar som no er foreslått, er til det betre, verken for born eller tilsette i Strandvik oppvekstsenter. Det kan det heller ikkje vera for andre.
Ansvar og framtid
Strandvik oppvekstsenter vert som eit resultat av ei eventuell nedlegging, løyst opp.
Det som for kort tid sidan vart sett på som ei robust eining, vert borte.
Strandvik oppvekstsenter, som saman med Holdhus oppvekstsenter, kom svært positivt ut i Agenda Kaupang-rapporten 2010, vert borte.
Det verdifulle, tette samarbeidet om overgangen mellom barnehage og skule, vert borte.
Tilbake i Strandvik, er barnehagen sine born og tilsette. Skulebygget vil stå tomt slik forslaget ligg føre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei folkevalde har eit overordna ansvar for økonomi. Slik situasjonen er no, vil ein gjera dramatiske endringar, utan at det er vesentleg med pengar å spara. Vi etterlyser arbeidsgjevaransvaret. Det kviler eit stort ansvar på dei folkevalde, også på dette området. Vi opplever det som skjer overfor born, elevar og tilsette i oppvekstsenteret som respektlaust. Nokon vil truleg kalla oss illojale, men denne gongen ser vi oss nøydde til å seia i frå. Det er tross alt framtida det gjeld!
Kom og besøk oss
I den pågåande debatten, der målet, for eit knappast mogeleg fleirtal av politikarar, er å leggja ned Strandvik skule, hadde vi inderleg håpa at det var interesse for å besøkja oss, snakka med oss og kanskje på den måten sjå og forstå kvifor Strandvik oppvekstsenter er verdt å satsa vidare på. Velkomen til oss!
Dei folkevalde har eit overordna ansvar for økonomi. Slik situasjonen er no, vil ein gjera dramatiske endringar, utan at det er vesentleg med pengar å spara
Agnes Uhrin Jojartne Sverre Vindenes
Solveig Tuft
Cathe Mørner Åse Andersen Linda Elise Helland
Irene Tveit Hanne Tuft Laila Vangen
Else Birkeland Mona Kleppe Bodil Helland Berge
Artikkelen held fram under annonsen.
Agnes Smørholm Gunn Hege Lillefosse Vestbø
Solveig Vindenes Heidi Baldersheim