Fleire fusingar

Det at me skal bli fleire Fusingar har vore ei målsetjing i mange år. Målet er diverre ikkje nådd. Eit viktig verkemiddel for å nå denne målsetjinga er tilgangen på bustadareal. Fusa har mykje areal som eignar seg godt til bustadbygging og kan verta fine hustomter. Frp har programfesta at ein tidleg i neste kommunestyreperiode må setja i gang arbeidet med å rullera bustaddelen av Kommuneplanen.

Frp har programfesta at dersom du vil bu i Fusa, ja, så skal du få lov. I dei sakene der det er konflikt mellom jordverninteresser, friområde osv., må det vera kommunen si oppgåve å gå i dialog med søkjar for å finna ei løysing som alle partar kan leva med. Frp vil òg gå inn for at dei finaste bustadområda vert brukt til hus og ikkje hytter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frp har i tillegg programfesta at kommunen skal laga ein portal på si heimeside der dei som har tomter eller hus tilsals kan leggja dette ut gratis. Mange bruker kommunen si heimeside når ein skal gjera seg kjend med ein kommune. At ein der finn ei oversikt over det som er tilsals av bustader/tomter, trur me er bra.

Når det vert laga reguleringsplan for eit område, er det viktig å hugsa på at ein gjev plass til leilegheter, tomannsbustader ol. Hittil har det i alt for stor grad vore slik at det vert søkt om omregulering av tomter som er godkjendt som einebustad til tomannsbustad. Det kan verta svært uheldig for dei som har bygd einebustad i den tru at godkjend plan skal gjelda.

Magne Djuvik

Ordførarkandidat Frp