Fleire elevar «rømde» frå Holdhus Oppvekstsenter!
På fredag 18.desember «rømde» fleire elevar frå Holdhus oppvekstsenter. Dei var så lei seg at dei forlét skulen grinande etter at dei var blitt informert om at skulen deira skulle leggjast ned, skriv Leiv Rød.
LESARBREV: Denne dagen var siste skuledagen før jul. Elevane er då vanlegvis glade. Dei gler seg til jul, og dei er glade for å få juleferie. I staden for gleda vart dette ein trist dag. For ein bestefar med fleire barneborn på denne skulen var dette umåteleg trist. Eg vil tru at mange foreldre også reagerte på same måten. Eg vil håpa at dei tilsette også kjende på noko når dei såg korleis elevane reagerte. Det første som slo meg var at dette burde elevane vore skåna for på denne dagen. Dei burde fått informasjonen på eit anna tidspunkt og på ein annan måte, aller helst gjennom foreldra.
Trakassering
Vedtaket som kommunestyret gjorde, og som førde til denne episoden, kom ikkje som noka overrasking. Dette er noko administrasjonssjefen har føreslege og jobba for i mange år, sikkert nærmare 20 år. I alle desse åra har forslaget kome opp i samband med budsjetthandsaminga. Dette har ført til at både elevar, foreldre og tilsette har følt seg utrygge på kva som vil skje med skulen. Så mange år med forslag om nedlegging meiner eg er ei form for trakassering av bygda og alle som er knytte til skulen der.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gjekk offentleg ut
Både bygdefolk og politikarar har kjempa og klart å hindra nedlegging heilt til i år. I år skjedde det uvanlege at nokon ved Holdhus oppvekstsenter gjekk offentleg ut og ba politikarane endre skulestrukturen i Fusa og dermed leggja ned arbeidsplassen deira på Holdhus. Dette var til god hjelp for både administrasjonssjefen og mange politikarar som ønskte nedlegging. Resultatet vart som det vart, sjølv om Holdhus oppvekstsenter er den største skulen i Fusa.
Dette utspelet frå nokon tilsett ved skulen, kom overraskande på foreldra. Dei var ikkje informerte på førehand, og det har ført til at fleire reagerte sterkt, og dermed er det gode samarbeidet mellom skulen og foreldra øydelagt. God informasjon og godt samarbeid med foreldre er ein av dei viktigaste føresetnadane for ein god skule. Dei beste pedagogar vil få slita i skulekvardagen om dette samarbeidet ikkje fungerer godt.
Vert ikkje meir pengar
Hovudmålet med nedlegginga av skulane på Holdhus og i Strandvik er å spara pengar. Då må det reduserast på tilsette, både lærar og administrativt personale. Som gammal skulemann er det umogeleg for meg å forstå at dette kan føra til fleire delingstimar og betre undervisning. I mitt hovud er det slik at det ligg mange delingstimar skjult i den skulestrukturen vi har hatt i Fusa, med relativt små klassar og få elevar å forholda seg til. Eg trur ikkje at nedlegginga av desse to skulane vil føra til meir pengar til skulen. Det står heilt i strid til målet om å spara pengar.
Fusa kommune har i fleire år hatt eit arbeidsmiljøprosjekt gåande som har fått namnet «Fusa i farten» Dette er eit helsefremjande og veldig godt prosjekt som kommunen er blitt tildelt pris for. Med den skulenedlegginga som no er vedteken, og det som er planlagt skal koma, vil «Fusa i farten» få ei heilt anna og svært negativ tyding.
Virvar av ruter og turar
Tenk på alle dei små som frå 1. klasse og til dei går ut av ungdomsskulen skal skyssast milevis fram og tilbake, vera i farten hit og dit. Store bussar køyrer i dag og hentar ein elev her og ein der. Det er eit virvar av ruter og turar. Korleis skal det då bli når endå fleire må bussast til og frå skulen? Dette er langt frå helsefremjande - heilt klart det motsette. Kva kostar det ikkje kommunen, den må jo ta noko av kostnadene? I dag er det stort fokus på miljø, men er dette miljøvenleg?
Ynskjer ein ikkje folkevekst?
Mange vil vegra seg for å busetja seg i dei fine bygdene våre dersom grendeskulane vert lagt ned. Det er vel kanskje Strandvik, Nore Fusa og Hålandsdalen som har hatt størst vekst dei siste åra Dette har heilt klart samanheng med gode oppvekstsentra. Er det ikkje auke i folketalet ein ønskjer i Fusa?
Eg håpar verkeleg at planane om privatskular lèt seg realisera. Det er det einaste som vil skapa ro og engasjement i bygdene. Engasjement og entusiasme er noko ein bør få til i større grad. Sjå kva ein har fått til i idretten i bygdene våre. Eg tenkjer på volleyballmiljøet i Strandvik, på karatemiljøet på Fusa og på skiskyttarmiljøet i Hålandsdalen med utøvarar heilt i toppen både nasjonalt og internasjonalt.
Skulenedlegging fører ikkje til engasjement!
Artikkelen held fram under annonsen.
Håpar dette kan vera noko å tenkja på i julehelga. God Jul til alle!
Leiv Rød