Fleirbrukshall
Eit samrøystes kommunestyre har vedtatt at det skal byggjast fleirbrukshall i Fusa kommune.
Denne skal plasserast i tilknyting til den nye kunstgrasbanen i Eikelandsosen, og vil bli ein del av eit flott idrettsanlegg.
Senterpartiet har programfesta å arbeida for at hallen skal ferdigstillast i 2016, slik som det er planlagt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er på høg tid at også fusingane får ein slik hall. Den blir viktig for eit aktivt idretts- og kulturliv, ikkje minst for ungdomane våre, men også for folk flest.
Det er allereie lagt ned eit stort arbeid i planlegging rundt hallen, så no er det kjempeviktig at bygginga kjem i gang!
Når hallen er klar til bruk, blir lag og organisasjonar ein viktig medspelar til drifta av hallen. Dette vert eit kjempesteg i positiv retning for den flotte kommunen vår, og er det største løftet på svært mange år. Eit kraftig bidrag til å skapa eit sterkt sentrum og levande bygder.
Marianne Borge
Richard Markhus
Fusa Senterparti