Områderegulering Os-sentrum Vest er driven fram av Os kommune med utgangspunkt i utvikling av sentrum, men og som eigar av Fjellheim, brannstasjonen og barnehagetomta.
Områderegulering Os-sentrum Vest er driven fram av Os kommune med utgangspunkt i utvikling av sentrum, men og som eigar av Fjellheim, brannstasjonen og barnehagetomta.

Fjellheim vert pynta for sal

Os kommune bruker planinstrumentet for å auka salsverdien til Fjellheim. Naboane må betala ein høg pris, meiner Eli og Jenny Fagerheim.

LESARBREV: Kommunestyret skal i møte 16. juni handsama saka om områderegulering Os-sentrum Vest. Hovudfokus både for politikarar og media er utviklinga av Os sentrum og framtida for Fjellheim.

Planen og det politiske fleirtalet legg opp til sal av Fjellheim og omgjering av tomta til bustader. To store og viktige spørsmål som vekkjer både kjensler, engasjement og interesse hos folk. Vi vil løfta fram ei anna viktig prinsipiell side ved planen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi meiner at kommunen ikkje klarer å skilja rollene sine som forvaltningsorgan og eigedomsforvaltar.

Hadde håpa på dialog

Områderegulering Os-sentrum Vest er driven fram av Os kommune med utgangspunkt i utvikling av sentrum, men og som eigar av Fjellheim, brannstasjonen og barnehagetomta.

Mellom desse ligg det andre private eigedomar, og her representerer vi Stegen 1 (hus langs Linjo). Vi har forståing for at sentrumsnære eigedomar vert ein del av planarbeidet. Såleis hadde vi håpa på dialog og samarbeid om eit planutkast som var til nytte for alle partar.

Kommunen har ikkje teke initiativ til samarbeid, og vi har berre hatt høve til å koma med formelle merknader til planutkast i tre rundar.

Maks økonomisk utnytting

Gjennom fire år har planutkastet endra seg fleire gonger, men heile tida har planen etter vårt syn vore gjennomsyra av at Os kommune som eigar av Fjellheim-tomta ønskjer maks økonomisk utnytting av denne tomta. Det skjer blant anna ved at Fjellheim-tomta i planen får høgare utnyttingsgrad enn nabotomtane.

I planforslaget legg kommunen også opp til å fjerna ein eksisterande veg og tinglyste vegrettar som går over Fjellheim-tomta. Den planlagde løysinga påfører naboane alle ulemper og økonomiske utfordringar med å erstatta vegretten. Dei private eigedomane vert i tillegg pålagt strenge krav til detaljregulering og samkøyring. Medan planen fritek Fjellheim-eigedomen frå detaljregulering, trass i at denne eigedomen har uavklara tinglyste nabohefte knytt til veg.

Urovekkande

Det er ekstra urovekkande at planforslaget som no ligg til avstemming inneheld heilt nye forslag til vegløysing. Desse har kome på bordet etter at siste høyringsrunde var over. Vi som grunneigar er ikkje informert om endringane og har ikkje hatt formelle kanalar til å uttala oss.

Med våre auge er dette det dårlegaste alternativet som har vore lansert gjennom fire lange år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vert såleis bekymringsfullt å lesa Midtsiden.no si oppsummering av Plan- og bygningsutvalet si siste handsaming av saka i møte 21.05.15. Slik saka er referert, vert politikarane direkte feilinformert av Aina Tjosås om naboane sitt syn på vegløysing Fullstendige og korrekte opplysningar er ein føresetnad for rettvise avgjerder.

Eit stort ansvar

Sjølv om kommunen har interesse av å utnytta eigne eigedomar maksimalt, har kommunen og eit stort ansvar som planleggingsorgan. Når kommunen no legg saka fram til endeleg avgjerd, utan høve til formell uttale, ber vi politikarane vurdera saka nøye. Er ikkje det politiske fleirtalet i kommunen opptatt av eigedomsretten og enkeltindividet, sjølv om sal av Fjellheim har vorte eit prestisjeprosjekt?

Eli Fagerheim

Jenny Fagerheim