Feite spelarlønningar
Gunnar Moberg reagerer på alle spelarovergangane frå Os Fotball til Lysekloster IL.
LESARBREV: Eg blei noko overraska då eg las «Os og Fusaposten» laurdag 4.juli. Nesten heile førstesida og side 2 og 3, omhandla at leiarane i Lysekloster IL var lei av rykta om feite spelarlønningar til fotballaget sitt. Eg har ingen grunn til å tru at opplysningane som kom fram i artikkelen ikkje er riktige. Det som blei nemd om den unike dugnadsånda som leiarane legg for dagen, er verkeleg imponerande. Det synest som om idrettslaget har god struktur både sportsleg og administrativt. Resultatet av dette er at laget har spelt seg opp frå 7. til toppen av 3. divisjon på kort tid.
Det som eg reagerer på, og som eg synest lokalavisa også kunne tatt opp, er alle spelarovergangane frå Os Fotball til Lysekloster IL! I sesongen 2014 meldte to av Os sine beste og rutinerte spelarar overgang. Då spelte begge laga i 3. divisjon og i samme avdeling! Det har også i år og tidlegare år vore spelarar som har gått same veg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når Os sin beste og mest rutinerte angrepspelar melder overgang før haustsesongen i den situasjonen Os er i, må Lysekloster IL førebu seg på å få nye rykte mot seg som kanskje ikkje lokalavisa kan hjelpa dei med å stogga. Fotballfans med fleire veit at ein slik overgang er uakseptabel når laga er i samme divisjon og frå same by eller bygd. Slik bør også moralen vera mellom to klubbar i Os kommune.
Som tidlegare spelar i Os (i gode, gamle dagar), og sportsleg leiar i klubben i nokre år, kjende eg at fotballhjarta mitt vakna til liv att etter å ha lese den omtalte artikkelen i «Os og Fusaposten». Eg synest leiarane i begge laga må koma saman og utarbeida retningslinjer og samarbeidsplanar for framtida.
Eg kjenner nokre av dei leiarane i Lysekloster som vart intervjua i lokalavisa som dyktige og solide personar. Derfor vart eg overraska og sjøvsagt skuffa då den nemnde spelarovergangen blei bekrefta for kort tid sidan.
Eg vil presisera at eg ikkje har snakka med leiarane i Os Fotball om denne saka.
Kanskje lokalavisa vil syna interesse for denne sida av saka også?
Gunnar Moberg