Fann sitt eldorado på Holdhus
10-år gamle Marcus er villig til å bruka ein time kvar veg til trening. Så kjekt er det å driva med skiskyting i Hålandsdal IL.
Kvar onsdag pakkar Marcus Lernes Andreassen (10) og far hans Ole Helge Andreassen ski, rulleski, rifle og varme klede i bilen og køyrer ein time frå Lepsøy til Holdhus, der Marcus det siste året har trent skiskyting med Hålandsdal IL (HIL).
- Det kjennest ikkje ut som det tek så lang tid, heller som det tek ein halvtime, seier Marcus.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi slappar av litt på ferja, legg far til.
Pastaonsdag
Vi møter dei to ved middagsbordet heime på Lepsøy, saman med mor Kari-Grethe Lernes og Marcus si tvillingsøster Natalie.
Klokka er halv fire på ettermiddagen og far har alt rukke heim frå jobb i Bergen sentrum og laga mat til familien.
- Kvar onsdag må vi dra tidleg heim og ha tidleg middag om vi skal rekka dette, forklarer Ole Helge.
- Då har vi alltid pasta, seier Marcus.
- Ja, vi har byrja med det no, for eg prøvde meg nokre gonger med fisk, men då fekk eg kjeft av Marcus når han kom heim frå trening. Det var ikkje nok energi i det, fortel mor.
Dermed blei det bestemt at familien måtte ha energirik pasta før kvar onsdagstrening.
Miljøet viktigare enn pallen
I Vik i helga tok Marcus ein andre- og ein tredjeplass.
Artikkelen held fram under annonsen.
- No har eg vært på pallen, det hadde eg ikkje før. Trenaren seier eg gjer det bra.
Stor stas synest han, sjølv om han mest av alt er med fordi han synest skiskyting er kjekt, og fordi han storkosar seg i lag med alle dei nye venene han har fått i skiskyttarmiljøet i Hålandsdalen. Heile familien reiste saman med Marcus til konkurransen i Vik.
- Kva var premien, spør tvillingsøster Natalie.
Ho er stolt av broren sin prestasjon i helga, og skikkeleg imponert over kor flinke dei litt eldre skiskyttarane er. Men ho vil ikkje driva med skiskyting sjølv.
- Nei, eg er ikkje så god til å stå på ski. Eg er flinkast til å skyta, seier ho.
Dessutan er far Ole Helge og mor Kari-Grethe Lernes bevisste på at dei to treng å få litt tid for seg sjølve også, ikkje alltid vera saman på skule, i ferie og fritid.
Men karate driv dei med begge to.
Får leiga utstyr
Før klokka er 16.30 set Marcus og Ole Helge seg i bilen med kurs frå Lepsøy mot ferja og vidare til Holdhus. Då har det kort tid før tikka inn ein SMS med beskjed om kva som skal skje på treninga denne dagen. Likevel må dei være budde på det meste.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Når vi dreg på desse treningane, så har vi med oss ski, joggesko, rulleski, rulleskistavar og skistavar, fordi vi pakkar kvelden før og veit jo aldri heilt kva som møter oss. Så vi er klare for alle eventualitetar, seier Ole Helge.
- Det vert mykje utstyr då?
- Ja, men det er veldig flott med klubben her, at første året får ein leiga veldig billig det ein treng av utstyr. Så har ein sjansen til å testa ut og sjå om dette er noko ein verkeleg vil driva med. Vi har framleis leigevåpen og leigde rulleski. Og vi har fått mykje god hjelp.
Roar ned jaget
Oddbjørn Halvorsen har to born som er aktive i HIL. Under treninga onsdag følgde han dottera si, Stine Henanger Halvorsen, på treninga på Holdhus. Samtidig var trettenåringen hans på Bygdastølen og trente i det andre flotte anlegget klubben bruker. Oddbjørn fortel at dei i klubben også prøver å roa ned utstyrsjaget.
- Vi har oppretta ei eiga kjøp og sal-side på Facebook. Brukt utstyr er nemleg ofte vel så bra så nytt, forklarer han. Sjølv om dei i klubben jobbar for å motarbeida utstyrsjaget, så blir det litt pengar uansett. Det er mange konkurransar å reisa til, og slikt som skismurning og ammunisjon er ikkje heilt gratis det heller.
- Ja, det kostar jo litt, må Ole Helge medgje.
- Men eit skot kostar berre ei krone, seier Marcus.
- Jo, men så vert det jo nokre skot då, legg far til.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ein kjem gjerne opp i eit par-tre tusenlappar i ammunisjon i løpet av ein sesong, fortel Oddbjørn.
Han skryter av miljøet i klubben, både for borna og dei vaksne som er med. - Vi har det kjekt når vi er med på desse treningane. Det er jo sosialt her på sidelinja, seier han.
- Kva må de foreldra bidra med, sidan de alltid må vera med på trening?
- Vi skal passa på våpenet, lada opp til dei og sjekka at alt er i orden. Dei får ikkje lov å bera det sjølv, Oddbjørn Halvorsen.
Liertoppen blir toppen
Noko Marcus og far ser fram til er turen dei har planlagt til årets største samling og konkurranse, på Liertoppen i april.
Då skal Marcus få sitt eige skiskytarvåpen.
- Då møter vi leverandørane, så då skal vi kjøpa vårt eige våpen, fortel Ole Helge
- Så du tenkjer du kjem til å halda fram med dette, Marcus?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Jaha! Men det er jo ikkje sikkert eg kjem til å driva med det når eg blir stor. Men kanskje.
- Vi får sjå. Så lenge du har det morosamt, som er det viktigaste, så skal vi støtta og hjelpa deg så du får halda på med det du vil. Enten det er sjakk elles skiskyting. Eller noko heilt anna, legg Ole Helge til.
Dei to har fått mange nye, gode vener siste året, og skryter uhemma av alle dei har møtt i HIL,
- Dei er ein veldig fin gjeng som har teke utruleg godt imot oss som kjem sånn heilt utanfrå og slett ikkje kan dette her, seier far.
- Vi kjente ingen, men no kjenner vi ein god del, presiserer Marcus.
- Ja, dei har verkeleg vore utruleg inkluderande, legg far til.
Camping og konkurranse
- I helga skal vi på konkurranse i Nordheimsund, då bur vi på hytta som ligg eit stykke forbi Holdhus, fortel Ole Helge.
Praktisk med eiga overnatting i nærleiken. Når dei dreg langt avgarde og hytta ikkje er ein opsjon, tek dei med seg campingvogna.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi hadde ikkje brukt den så mykje dei siste åra etter vi kjøpte hytta, men etter at Marcus byrja med skiskyting og vi no reiser ein del for å delta på konkurransar, så blei den grei å ha. For elles blir det veldig dyrt med hotellovernatting kvar helg.
Byrja med open dag i anlegget
Hytta er ikkje berre grei å ha i nærleiken av treningsanlegga og i samband med konkurransar. Den er også mykje av grunnen til at dei i det heile kom i kontakt med skiskytingsmiljøet i Hålandsdalen. Dei køyrde nemleg støtt forbi anlegget på Holdhus når dei var på hytta. Så oppdaga dei ei annonse om at HIL arrangerte open dag i anlegget, med moglegheit for å prøva seg med lånt utstyr og rulleski.
- Deretter har det igrunn gått slag i slag, seier far.
- Kvar laurdag reiser vi dit og trener, seier Marcus.
- Då dreg vi heimefrå klokka sju om morgonen, eg og Marcus, så er vi heime att klokka to på dagen, og etter det har vi "fri", fortel far.
For han er rimeleg glad i å trena sjølv, og dermed den perfekte treningspartnar for Marcus.
- Eg er kanskje litt over gjennomsnittet interessert, seier far.
Kan ikkje sendast med naboen
Engasjerte foreldre er eit stort behov for born som vil driva med skiskyting.
- Foreldra er veldig viktige, fortel trenar Arnt Ove Femsteinevik
- Utan dei blir det ikkje noko skiskyting. Dei kan ikkje gjera som med fotball og berre senda ungane med naboen. Her må foreldra vera med. Ungane har ikkje lov å ta seg av sitt eige våpen.
Sjølv har han fem born frå 6-21 år som er aktive i miljøet.
Femsteinevik er trenar for 9-12-åringane, deriblant Marcus. Gjengen på rundt 30 ungar trener kvar onsdag på Holdhus. Både teknikk- og skytetrening.
- Forholda varierer veldig, så mesteparten av året spring vi eller går på rulleski. Men nokre veker på vinteren er vi så heldige at vi får gå på snø, seier Femsteinevik.
Førsteklasses anlegg
Om vêrforholda ikkje alltid er på deira side, så er han i alle fall særs godt nøgd med kor godt lokalsamfunnet har lagt til rette for skiskyttartreninga.
- Vi er verkeleg heldige med dei utruleg gode anlegga her inne. Både dette flotte rulleskianlegget med tre og ein halv kilometer asfaltert løype i tillegg til eit veldig flott anlegg på Bygdastølen som vi bruker på vinteren, så vi er utruleg glade for den støtta vi har fått i lokalsamfunnet for å få dei på plass.
Femsteinevik er sikker på at ungane har det kjekt i HIL.
- No har ungar det kjekt nesten uansett kva dei driv med. Eg er mest av alt oppteken av at dei kjem seg ut i frisk luft og er i aktivitet, og då er skiskyting veldig bra.
Trenaren ser stadig unge talent som kan gjera det godt framover.
- Men det er ikkje slik at ein nødvendigvis må bli så god om ein driv med skiskyting. Det viktigaste er at dei driv med noko fornuftig i ungdomsåra, så får det heller våga seg om nokon av dei blir gode.