Få oversikt over partias HJARTESAKER før valet!

Måndag 9. september er det kommuneval og du kan vera med og bestemma kven som skal styra i nye Bjørnafjorden kommune. Kvar veke fram mot valet har du kunne lest om kva det enkelte parti meinar om en rekkje aktuelle saker. Denne veka er det partias HJARTESAKER som står i sentrum.

{{imageLeft}}

Arbeiderpartiet

STERKARE FELLESSKAP!

Artikkelen held fram under annonsen.

Med entusiasme, respekt og klokskap skal vi saman byggja Bjørnafjorden til ein trygg plass å leva gode liv. Med eit sterkt fellesskap skapar ein gode og inkluderande lokalsamfunn. Mangfald og utvikling, saman med tradisjonar og tryggleik, skapar gode bygder og møteplassar.

Borna våre skal ha like mogelegheiter. Gode barnehagar og skular kor dei skal møta trygge vaksne. Mette og trygge born lærer meir, difor går vi til val på gratis skulemat og forsøk med leksefri skule. Vi trur på ungdommen og vil innføra ungdommens kommunestyre kor dei sjølv får forvalta midlar. Utlånssentral for sports- og fritidsutstyr vil bidra til betre folkehelse, mindre forbruk og like moglegheiter uavhengig av lommebok.

Kjøkken på Luranetunet er vår kampsak! Dette skulle vore på plass då sjukeheimen var ny!

Nok hender i pleie og omsorg, heile faste stillingar gjev tryggleik for både brukarar og tilsette.

Ein føreseieleg, rettvis og klimatilpassa arealpolitikk, med oppdaterte planar skapar tryggleik for innbyggjarar, utbyggjarar og næringsliv.

{{imageLeft}}

Høgre

Bygginga av Bjørnafjorden kommune er vår hjertesak no.

Med Høgre sin ideologi som byggjer på fridom, ansvar, mangfald, og tillit til enkeltmenneske ynskjer vi å styra utviklinga i den nye kommunen. Ei utvikling som tek opp i seg og vidarefører det Os og Fusa har utvikla kvar for seg, slik at beste praksis vert vidareført i Bjørnafjorden kommune. Med vår ideologi skal bygdene, kultur- og næringslivet vidareutviklast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden skal vera ein effektiv «Ja-kommune», og det skal vera gode grunnar for å seia nei. Vi skal møta nye idear og utfordringar med eit positivt grunnsyn, og vi ynskjer liv i alle bygder, i tillegg til attraktive sentrumsområde på begge sider av fjorden. Vi vil ha trivelige sentrum der òg born og unge likar å opphalda seg, og vi vil lytta til dei unge for å identifisera kva aktivitetstilbod dei ynskjer.

Høgre vil dessutan vera ein pådrivar for turismesatsing i heile kommunen. Attraktive bubilparkeringar og gjestehamner på begge sider av fjorden med ulike aktivitetstilbod skal etablerast. 

{{imageLeft}}

Sosialistisk venstreparti

SV vil at Bjørnafjorden skal vera ein open kommune.

I Os har det over fleire år vakse frem ein ukultur der viktige avgjerder vert tekne bak lukka dører, utan at innbyggjarar eller opposisjon får høve til  å utala seg. SV vil  syta for at Bjørnafjorden kommune blir ein kommune kor openheit er ein av berebjelkane i kommunens arbeid. Både i politiske prosessar og i den einskilde politikars ulike roller.

Med utvida høyringar, opne spørjetimar og folkerøystingar samt Bjørnafjorden SVs seks bærebjelkar for kommunen, kan vi sikra ein open og inkluderande kommune

Velferd - ikkje butikk

Rettferd - ikkje slump 

Artikkelen held fram under annonsen.

Omfordeling - ikkje skeivdeling

Styrt utvikling - ikkje fri flyt

Mangfald - ikkje einsretting

For dei mange - Ikkje for dei få

Ønskjer du også ein open og inkluderande kommune? Stem SV ved kommunevalet.

{{imageLeft}}

Venstre

Venstre vil byggja  Bjørnafjorden kommune til ein trygg, god og raus kommune å bu i.

- Vi vil  fokusera på å byggja den nye kommunen vår. Det er viktig å aktivt jobba for at kommunane skal bli ei eining, og vi ønskjer stort fokus på dette arbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Venstre er for  Hordfast Indre trase  via Fusa  og imot  bru over Bjørnafjorden. Ei bru over Bjørnafjorden øydelegg sårbar natur på begge sider av fjorden.

- Vi vil marknadsføra Bjørnafjorden kommune   i samarbeid med innovative aktørar innan kultur og næring og stimulera til teknologidreven  gründerverksemd

- Vi  styrka  Bjørnafjorden landbrukskontor slik at dei kan driva rettleiing mot innovasjon og utvikling av landbruket inn i ei  økologisk framtid – som og vil skapa ny miljøretta  næringsverksemd i vår nye kommune.

- Venstre ønskjer å utarbeida ein kommunedelplan for berekraftig akvakultur i Bjørnafjorden kommune.

- Vi vil arbeida for at oppdrett og fiskeri skal vera ein naturleg del av næringslivet i Bjørnafjorden kommune og  satsa vidare på utdanningstilbud innan akvakultur i kommunen.

- Venstre er imot eigedomsskatt i Bjørnafjorden kommune

{{imageLeft}}

Miljøpartiet de grønne

Dei Grøne meiner det er viktig å få på plass eit ungdommens hus i kommunen. Dei eldste fekk tropehage – no er det på høg tid at ungdommane kan møtast i fine lokale med god og sentral lokalisering og sikker, langsiktig drift. Ungdommens hus skal samla ungdom på deira eigne premiss, men i trygge rammer. Dei unge skal få seia sitt om drifta av huset og påverka kva tilbod som finst der – anten det er musikk, gaming, kafé, lekser eller anna. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Her finn du tidligare tema:

- Eldreomsorg

- Skule & barnehage

- Miljø 

- Infrastruktur

 

Innhaldet i denne artikkelen er utarbeidd av marknadsavdelinga i Os & Fusaposten.

Os & Fusaposten skal ha eit tydeleg skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhald. Om du opplever at denne eller andre annonsar ikkje er merka tilstrekkeleg, gje oss beskjed på e-post.