Er denne potetkjellaren verdt meir enn våre born?
Vegen kan ikkje utbetrast med fortau grunna ein verneverdig potetkjellar, er eitt av svara me har fått. Er ikkje borna våre verdt meir enn ein gamal potetkjellar?
I mange år har foreldre i krinsen prøvd å få på plass tiltak som kan tryggja både born og vaksne på barnehage- og skulevegen her ute i Øyane. Vegen er smal, uoversiktleg og manglar fortau fleie plassar. Fartsgrensa er 50 km/t, men om alle er tru mot denne grensa kan nok diskuterast.
Då vi i vår fekk følgjande melding frå barnehagen, var det fleire som reagerte, så no prøver vi nok ein gong å få dei ansvarlege til å opne auga (og pengesekken!) og gjera noko med saka: "Eit lite hjartesukk frå dagens tur: Masse trafikk langs vegen og yttarst få tek omsyn til oss mjuke trafikantar. Det er stor fart forbi oss og borna blir redde. Ver så snill å hjelp oss å spreia bodskapen om å slakka ned farten når dei ser oss langs vegen! Me har ikkje råd til å miste nokon!
Artikkelen held fram under annonsen.
Registrerte trafikk i ferien
Vi har ved fleire høve teke kontakt både med Statens Vegvesen og Os kommune for å få til ei endring. Vi har spurt om det er mogleg å få opp fartsdumpar, redusere fartsgrensa og om å få fortau heile vegen frå skulen til Torsneset. Barnehagen har til og med sagt seg villig til å betale for fartsdumpane, og har 150.000 kroner øyremerkt denne saka. Nokre av svara vi har fått er;
. Vegen har lite trafikk og moderat hastigheit (under 50 km/t), ca 350 køyretøy per døger.
. Det er ikkje registrert ulukker (nei, takk og lov for det!) på Fv. 158 fra 2006-2014, og vegen er stort sett trafikkert av lokalbefolkninga som tek omsyn til barnehagen. Dersom situasjonen skulle endra seg, kan vi vurdera saka på nytt.
. Vegen kan ikkje utbetrast med fortau grunna ein verneverdig potetkjellar.
Det skal nemnast at denne trafikkregistreringa vegvesenet her har gjort, vart utført i ein vinterferie på den minst trafikkerte (den gongen) sida av barnehagen.
Har blitt bustadfelt
Vi har påpeikt at det faktisk har skjedd ei endring av situasjonen her ute, for Torsneset har jo blitt til eit bustadfelt, med alt det inneber av trafikk til og frå husa. (Kvifor det ikkje blei pålagd å utbetre vegen med fortau før dette området vart godkjend for utbygging, er eit anna spørsmål!)
Vegen ut mot Strøno, som har ein flott gang- og sykkelveg, og som òg er ein fylkesveg, er pepra med fartsdumpar - kvifor får vi ikkje det her ute i Øyane? Er ikkje vi like mykje verdt som dei på andre sida av sundet? Og er ikkje borna våre verdt meir enn ein gamal potetkjellar?
Eit lite tankekors til slutt: Då arbeidarane ved Svegatjørn på E39 kjende seg utrygge då dei stod bak autovernet og jobba, fekk dei både fartsdumpar, fartsmålar og fartskontrollar i ein fei. Godt er det at arbeidarane har arbeidsvern. Borna våre er ikkje dekka av same vernet, sjølv om dei representerar framtida. Er dette rettferdig?
Artikkelen held fram under annonsen.
Ann-Christin Heggland og Monica Indrøy
På vegner av foreldregruppa og styret i Søre Øyane Naturbarnehage,