Endeleg fekk Astrid S. vera spiker
– Endeleg kan eg kalla meg spiker, ler muntrasjonsråd Astrid Skåtun etter å ha fått jobben som speaker på Strandvik Open.
Få har det i kjeften som Astrid Skåtun, eller Astrid S. som ho likar å kalla seg. Sjølvsagt debuterte vinnesingen i speaker-rolla med glans.
Eller spiker med i, som ho heller vel å titulera seg som.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kva legg du vekt på når du kommenterer?
– Å få folk til å bruka pengar. Og laga meir lyd. Dei ser så fine ut, men kunne godt ha heia litt meir på både volleyballspelarar og løparar.
– Men det viktigaste er at publikum kosar, seier ho.
Hacka av Mikal Leigland
Etter det Astrid S. kjenner til, skal det ha vore andre som var ute etter speaker-jobben og som difor sytte for at lyden tidvis vart hakkete.
– Eg mistenkjer Mikal Leigland for å ha hacka seg inn på mikrofonen min. Han har prøvd å muta meg før. Utan hell, heldigvis.
Dritmisunneleg!
Astrid overlet volleyballkommentering til sin langt yngre og kanskje meir idrettskyndige kollega Jonas Kvåle. Men idet løparane i det tre kilometer lange Strandvikløpet gjekk i mål, tok ho mikrofonen.
– Heia heia! Hugs at alle vi som ser på er dritmisunnelege på dykk som er spreke nok til å springa.
Og då Strandvikløpets nemesis, bergensaren Øyvind Macody Lund, gjekk i mål som fyrstemann, kom fylgjande salve:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dessverre er han i like bra form som i fjor. Vi hadde håpa at han ikkje var fullt så sprek, men vi gratulerer han likevel.