Helene Gjerdevik (28) har hatt Eli Vassenden (52) som forbilde sidan ho var lita jente.
Helene Gjerdevik (28) har hatt Eli Vassenden (52) som forbilde sidan ho var lita jente.

- Eli er eit forbilde!

Frå ho var lita, har osing Helene Gjerdevik hatt Eli Vassenden som forbilde. No er dei shipping-kollegaer.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Lysefjordingen Eli Vassenden var omgangsven av familien Gjerdevik i Os og dermed ein naturleg del av oppveksten til vesle Helene.

- Då eg bestemte meg for ein internasjonal karriere og byrja snusa på shipping, vart Eli raskt eit naturleg forbilde. Det er ikkje lite ho har oppnådd, seier Helene Gjerdevik.

I dag er 28-åringen crew- & QA coordinator (mannskaps- og kvalitetssikringskoordinator) i Wilson Ship Management AS og deltek på speeddatingen som ei av ressurskvinnene i «Kvinner i kuling».

Helene i aksjon på shipping-speeddating.
Helene i aksjon på shipping-speeddating.

Då ho skreiv masteroppgåva på Universitet i Leeds, fekk ho tidvis assistanse frå shipping-Eli heime i Noreg. I tillegg hadde Helene god nytte av å ha studert eitt år i Shanghai, Kina.

- Helene presterte ein kjempemaster. Dessutan skreiv ho om eit spørsmål eg verkeleg lurte på sjølv, ler Eli.

Pulserande

Og Helene forska på noko svært så matnyttig, nemleg kva som skal til for at vestlege utstyrsleverandørar lukkast i den kinesiske marknaden.

- Eg har aldri angra på at eg byrja i shipping. Det er så pulserande og gøy, seier Helene og får støtte av Eli.

- I løpet av ei veke møter vi folk frå andre kulturar, kommuniserer med internasjonal industri og handterer nye utfordringar kontinuerleg. Det er så gøy, seier begge i kor og ler.