Eldreomsorga, vårt mantra!
Gjennom mange valkampar har eldreomsorga stått sterkt for Os Frp. Noko me har tenkt å halda fram med, skriv Laila Reiertsen i dette lesarbrevet.
LESARBREV: Vi meiner at dei eldre, tilliks med andre skal ha eit godt liv i Os kommune. Difor held ein fram med utbygginga av Luranetunet. No med 96 nye heildøgns omsorgsplassar, ferdig 2017. Dette treng ein grunna folkeveksten, og ikkje minst fordi ein då får mogelegheit til å renovera den gamle sjukeheimen. Som igjen kan brukast til ulike gode helseformål.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det å vera i forkant av utfordringar, også innan pleie og omsorg er viktig. Me kan alle hugsa attende til seint nittital då ventelistene var lange, og det var tungt for både brukarar og tilsette i kommunen vår. Sånne situasjonar ønskjer ein ikkje igjen. Vi har lært!
Os kommune har fått til mykje innan eldreomsorg. Eg opplever at ein er forut for si tid på mange område. Ein er nytenkjande og ein set idear ut i live. Dette er bra. Og ikkje minst må det til for å stetta behova og krava frå samfunnet generelt.
Den største utfordringa framover er behov for tilsette i tenesta, og ikkje minst behov for kompetanse. Ein ser at samhandlingsreforma har gjort at spesialisering blir meir og meir nødvendig. Men ein kjem ikkje vekk i frå at samhandlingsreforma også har endra kvardagen til dei tilsette. Ein har fått sjukare pasientar, auka arbeidspress og dermed også eit større behov for meir kompetanse og fleire tilsette.
Difor held det ikkje berre med storstilt utbygging på Luranetunet. Vi må også få på plass gode arbeidsplassar, med god og viktig kompetanse. Oppgåvefordeling på tvers av profesjonane, samt arbeidstidsordningar som er gode ut i frå dei tilsette sine ønskjer, må òg vera tilstades, for at dei som skal bu der skal ha det godt. Både sjukepleiarar og helsefagarbeidarar treng ein fleire av. Difor er det viktig å ha lærlingeplassar. Ingen unge som har behov for lærlingeplass innan helse i vår kommune, bør stå utan praksisplass. Det har vi ikkje råd til. Ei anna gruppe er alle assistentar som kanskje har sin første start i eldreomsorga mot eit yrke innan helse, dei må det også vera plass til. Eg starta sjølv der ein gong for lenge sida.
Kanskje må ein også lokalt gjera noko meir for at dei tilsette skal kunna ta vidareutdanning som det er behov for. Vi veit at det ofte er "smular" på kommunale budsjett å fordela til etter- og vidareutdanning. Her må leiarar, tilsette og organisasjonar vera gode formidlarar til å setja behovet på dagsorden.
Og vi har ein jobb å gjera nasjonalt. Lærarane har fått sitt løft innan kompetansepåfyll. No er det kanskje sjukepleiarane og helseabeidarane sin tur! Eg heiar på dei!
Ha eit godt val!
Laila M. Reiertsen
Artikkelen held fram under annonsen.
2. kandidat Os Frp