Eit bål spreidde seg til graset rundt
Brannvesenet rykte ut måndag då dei fekk melding om grasbrann på Søfteland.
– Det var relativt udramatisk, seier brannvakt Martin Austgulen, og held fram.
– Det var bebuarar som hadde tent bål, så var det tilløp til at det byrja å spreia seg i graset, men bålbrennarane fekk sjølv kontroll på situasjonen, fortel han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Branntilløpet fann stad like ved Jokeren på Søfteland.
– Då våre folk var komne fram hadde dei sløkt alt som brann med pulver og vatn. Sjølv bidrog med til å etterdynka området med meir vatn slik me bruker å gjera i slike tilfelle, seier Austgulen.
Han melder elles om ein fredeleg påske med lite dramatikk av denne slag.