Eit adrenalinrush av dei sjeldne
Ein føler seg sjeldan meir levande enn når ein kastar seg utfor ein fjellkant og flyg 400 meter gjennom lufta. Med Liv Grete Skjelbreid som instruktør, testa Os og Fusaposten høgdeparken på Skjelbreid.
- Er du sikker på at alt er festa som det skal, og at eg er sikra godt nok?
- Eg kan sjå over ein gong til. Ja, alt ser bra ut, seier Liv Grete Skjelbreid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er 25 meter ned, og eg skal fly 400 meter gjennom lufta. Toppfarten er visst nok målt til over 70 km/t. Etter to tryggleikssjekkar har eg vel ikkje anna val enn å kasta meg utfor.
To nervøse sjeler på tur
Eg fekk med meg veslesøstera mi, Mariel Søgnen Olsen, på turen til Skjelbreid. Dels fordi ho er betre trent enn meg, og dels fordi eg då fekk konsentrera meg litt meir om bileta medan resten av gjengen svinga seg i tretoppane. Me er begge litt nervøse av oss, særskilt for ting me ikkje har prøvt før. I bilen på veg til Skjelbreid snakka me difor om kva som venta oss, og prøvde å sjå føre oss ulike scenario. I tillegg var det viktig å ikkje bli "starstruck". Me skulle trass alt få tilbringa ein dag med skiskyttardronninga frå Hålandsdalen oppi det heile.
Heldt høgde- skrekken skjult
Då me ankom Skjelbreid Poirée-hytta, hadde Mariel funne ut at ho skulle halda si påståtte høgdeskrekk skjult. Me blei mottekne av dagleg leiar Synnøve Austestad. Resten av tur-gjengen for dagen, Liv Grete Skjelbreid og hennar yngste døtrer Anna og Léna, og utplasserte Maria Haugse Rød var ikkje langt unna. Parc Aventure, som høgdeparken heiter, vart opna i 2011 samstundes med Skjelbreid Poirée-hytta. I sommar vart parken utvida til dobbel storleik, og det var denne delen me fekk testa ut.
Tåler lina 100 kg?
Etter at tryggleikssjekken var gjennomført, og me var "sela opp", bar det vidare til første aktivitet. Zip line over "tjønna".
Maria hadde fått prøvd seg på mange ulike oppgåver i løpet av arbeidsveka, men 14-åringen hadde til gode å prøva klatreparken, som oss andre nybyrjarar.
Liv Grete var først ut for å ta imot resten av gjengen på andre sida. Pyse som eg er, såg eg etter ein omveg, for å unngå å måtta hengja over vatnet, eller i verste fall duppa under.
- Eg såg at Liv Grete ikkje var så langt unna vassoverflata, seier Mariel.
- Tåler denne lina 100 kg? Eg kjem heilt sikkert til å hamna i vatnet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Maksgrensa er 120 kilo, så dette går fint.
Kjenner det i magemusklane
Tru det eller ei, ein blir faktisk litt nervøs, sjølv om det sikkert berre er éin meter ned til vatnet når ein kastar seg ut på lina. Eg hamna ikkje i vatnet, heldigvis. Halvvegs over til andre sida stoppar ein opp, og ein må dra seg resten av vegen. Magemusklane får køyrd seg. Det er godt å koma seg over.
Aktivitetsløype i trea
- Me er såvidt starta, smiler Synnøve, når alle er trygt over på andre sida.
- Seier du det. Eg blei nervøs berre av dette.
Me traska i eit par minutt i våt mark før me kom til ein stige som førte opp til eit platå i trea. Fleire meter over bakken skulle ein ta seg vidare til andre platå.
Underteikna tok plass på bakken, medan veslesøster og resten av gjengen gjennomførde løypa. Oppe i trea, fleire meter over bakken, balanserte dei på line. Dei måtte også koma seg frå eit platå til eit anna ved å flytta beina i nokre ringar som hang i lufta. Denne såg tøff ut.
- Det var tøft også, seier Synnøve, som brukte litt tid på å koma seg over.
Tok ein splitt i Tarzan-slynga
Anna, Léna og Liv Grete såg ut som om dei var fødde i tretoppane.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ideen om klatreparken er henta frå Frankrike. Der har eg vore i fleire slike parkar.
- Ein kan sjå at du har gjort dette tidlegare, ja.
- Det er vel gjerne difor ho er instruktøren, seier Synnøve, før Liv Grete kastar seg ut frå "Tarzan-slynga", gjer ein splitt, og hamnar i det store nettet av tau.
For Mariel var Tarzan-slynga høgdepunktet så langt.
- Det var spesielt å kasta seg ut i eit fritt fall. Eg fekk eit realt adrenalinkick, seier ho.
- Så godt som alle gjennomfører
Kort tid etter var alle samla på bakken igjen. Anna og Lèna blei sendt tilbake til hytta. No var det tid for 400 meter zip line. Dette er ikkje noko for born.
- Dei er så lette at ein kan risikera at dei stoppar opp midtvegs, seier Liv Grete.
På veg opp til lina startar nervøsiteten å melda seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Er det nokre som blir så redd at dei rett og slett må bryta?
- Det hender at nokre av deltakarane vert redde. Då får eg dei til å fokusera på meg og stemma mi, så gløymer dei som regel at dei er redde. Så godt som alle gjennomfører, seier Skjelbreid.
Med eit smil om munnen
Me kopla oss på ein vaier i fjellet, for å vera sikra på veg ut til lina. Trass i skodde og yr var det utruleg utsikt over Skjelbreid.
- Der borte kan de sjå landingsstripa, seier Synnøve.
Liv Grete tok journalistens kamerabag på ryggen, slik at ikkje 100 kilo med lysefjording skulle knusa kamera og linser på landingstripa. Synnøve, Maria og Mariel kasta seg utfor i tur og orden. Sistnemndes påståtte høgdeskrekk var vanskeleg å spora der ho kasta seg utfor med eit smil om munnen.
Inn for landing med rumpa først
Etter ein ekstra tryggleikssjekk kom også underteikna seg avgårde. Akkurat i det ein hoppar utfor er det mange følelsar som flyg gjennom kroppen. To sekund seinare er den verste skrekken over, og ein kan nyta utsikta. Flott var det at instruktøren tok hand om kamerabagen. Journalisten kom sjølvsagt inn for landing med rygg og rumpe først.
Me kjem nok attende
Me takka for oss, og sette oss i bilen, og adrenalin-nivået var framleis høgt. Me er begge einige i at dette kan anbefalast, og samstundes litt triste for at me ikkje fekk prøva heile parken. Difor kjem me nok attende ein dag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mariels tankar om Parc Aventure:
- Eg visste ikkje heilt kva eg gjekk til, og trudde det kom til å vera ein relativt enkel og barnevenleg park. Men eg tok feil.
- Den første zip linen var kort og lite utfordrande for meg.
- Høgdeparken passar best for ungdom og vaksne, noko også instruktøren gav beskjed om. Aktivitetane var tyngre enn eg hadde venta, noko eg ser som positivt.
- Det var ulike utfordringar heile vegen. Sjølv om eg har høgdeskrekk ville eg prøva å utfordra meg, noko eg er glad eg gjorde.
- Det var stort fokus på tryggleik, og Liv Grete var heile tida i nærleiken, klar for å svara på spørsmål og hjelpa til.
- Eg hadde relativt høg puls gjennom heile løypa, og då me til slutt kasta oss utfor og hamna i "Tarzan-veggen" (eit stort nett av tau journ.mrk) så fekk eg ein real adrealin-boost.
- Det einaste eg kjente til på førehand, var den siste aktiviteten me skulle gjennom. 400 meter zip line som startar 25 meter over bakken. Dette hadde eg både grua og gleda meg til. Idet ein kastar seg ut i lufta i fritt svev, nesten, føler ein seg så ekstremt fri og levande.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Toppfarten er visst nok målt til over 70 km/t, men ein får ikkje inntrykket av at det går så fort, og ein får sjå mykje fin natur på vegen ned.
- Adrenalinet var absolutt til stades, høgdeskrekken forsvann, i alle fall der og då, og livsgleda var på topp. "Tommel opp", dette bør absolutt prøvast!