Det går mot rekordlang sesong på Fonna
Aldri har det snødd meir i juni. Skientusiast og fotograf Jan Petter Svendal ser framt til ein lang og flott sesong på Fonna.
Fonna Glacier Ski Resort, også kalla Folgefonn sommarskisenter, opna med rekordmykje snø og strålande vêr 1. mai. Etter det har det snødd enorme mengder. Sist veke toppa det seg då skisenteret nærast snødde ned.
- Det me opplevde sist veke er heilt spesielt. I snitt kom det over ein meter med nysnø i terrenget, og heile heistraseen vart pakka med 3-4 meter snø grunna den kraftige vinden. Med dette er me sikra ein lang og forhåpentlegvis fantastisk skisesong ved Fonna Glacier Ski Resort, seier Svendal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frilans-journalisten, radioprataren og skientusiasten har vore ein flittig brukar av sommerskisenteret ovanfor Jondal. Denne sesongen har han fire tiurar til skisenteret som ligg kring 1.250 moh. I sommar gler han seg til mange flotte skidagar, berre kort reisetid frå Os og Fusa.
- Då eg kom inn der sist fredag, var det 8-10 meter høge brøytekantar over alt, og T-trekket var faktisk heilt nedsnødd. Etter heilhjarta innsats frå tre tråkkemaskinar, ein gravemaskin og mannskapa på Fonna, kunne heisen setjast i gong igjen laurdag.
Lidenskapeleg støttespelar
Ved jamne mellomrom har han gjort jobbar for skisenteret på Fonna. I desse dagar tek han bilete og skriv på si eiga nettside og for aviser og skimagasin.
- Eg har ikkje jobb for dei, men eg brenn veldig for Fonna, og hjelper difor til med å marknadsføra skisenteret med bileta eg tek. Jamt over er eg lidenskapeleg oppteken av skisporten og dei naturopplevingane eg får der inne. Eg kan ikkje anna enn å tilrå «Os og Fusasposten» sine lesarar å oppleva det sjølv. Ski om sommaren er uslåeleg, og Fonna er rett og slett eksotisk, seier Svendal.
Ut september
Slik tilhøva er no ser Svendal for seg at skisesongen på Fonna kan vara til langt ut på hausten.
- Det kjem sjølvsagt an på korleis sommaren vert, men dersom det vert brukande vêr, med ikkje alt for mykje mildvêr, fønvind og nedbør, trur eg skisesongen kan vara til ut september, seier Svendal.
Osingen er svært glad i skikøyring. Så godt det lèt seg gjera kombinerer han gjerne jobb og fritid.
- Om vinteren jobbar eg for Eikedalen Skisenter. Jobben går ut på å ta seg av sosiale media, skriva pressemeldingar, og ta bilete, fortel han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire kjente
For osingar og fusingar er det ikkje avskrekkande langt å køyra til sommarskisenteret ved Jondal.
- Frå Os tek det litt over to timar. Ein time og eit kvarter til Tørvikbygd, deretter vel 20 minutt med ferje før ein bruker kring halvtimen frå Jondal og opp. Frå Eikelandsosen i Fusa er det vel ein halvtime kortare tur, meiner Svendal.
Han møter stadig kjente i bakken.
- Eg ser ikkje så mange fusingar, men me har ein del gjengangarar frå Os som bruker å vera her. Arne Veim Haugland og Thomas Bøthun er ivrige. Dei lagar hopp, filmar og gjer stunts dagen lang, både i området rundt og i skiparken. Arne har til dømes fleire gonger hoppa over vegen i svingen nedanfor skisenteret, medan eg har teke bilete av galskapen, humrar Svendal.
Ingenting som Fonna
Nemnde Arne Veim Haugland, også kjent som «Adrenalin-Arne», er blitt svært glad i Fonna. Frikøyraren, dødsing-stuparen og handball-spelaren berre elskar Fonna.
- Fonna er mitt favoritt-skisenter. Ingenting er som Fonna. Det er noko med heile stemninga. Det er "chill" å vera der. Godt sosialt miljø og fantastisk utsikt over Hardangerfjorden, skryter Arne.
Som brettkøyrar er han også svært glad i terreng-parken der.
- Den er laga av Noregs beste parkbyggar, Emil Fossheim, og hans Mushroom-crew. Parken er heilt knall både for proffe og amatørar, seier Arne.
Artikkelen held fram under annonsen.
Til no har han vore to turar på Fonna. Han reknar med at det blir veldig mange fleire utover sommaren.
- Eg tilrår alle som er glade i å køyra alpint eller snøbrett å prøva det. Fonna er ei spesiell oppleving.