- Det er gale å ofra nyfødde liv på økonomiens alter
Det seier geitebonde Dag Kyrre Lygre etter at NRK-serien «FBI redder høna» sette søkjelyset på at mange tusen nyfødde bukkekje kvart år blir slakta og kasta.
Kva tankar gjer du som geitebonde deg om det som kom fram i NRK-dokumentaren?
Dette er noko eg kjenner godt til frå min eigen oppvekst. Det var far min sin jobb å avliva bukkekje, og det var ein jobb han ikkje kunne fordra. Eg såg det i augo hans. Som Andreas Viestad er inne på i programmet har me eit ansvar for liv som me har sett til verda. Har me dyr, har me ansvar for at dei skal få leva ut sine behov og instinkt, og elles ha eit så godt liv som me er i stand til å gje dei, den tida dei er hjå oss. Det er klart det strir mot dei fleste si kjensle av moral og etikk når nyfødde liv blir ofra på økonomiens alter.
Kvifor trur du det er blitt slik?
Det er dessverre slik at etikk og moral ikkje alltid har kronemessig verdi. Når foredlingsindustrien og landbruket blir styrde av bedriftsøkonomiske prinsipp, er me avhengige av at folk utanfrå korrigerer kursen. Det handlar om verdiar som t.d. rettferdig mat, utnytting av ressursane, god dyrevelferd og miljøvennleg produksjon. Det finst ingen innebygd funksjon for å ivareta desse viktige verdiane utover bondens eiga kjensle av rett og gale. Saka om geitekillingane er jo inga ny sak. Geitebøndene har i mange år bede Nortura ta tak i kjekjøtet, marknadsføra det og gje bonden ein pris for kjøtet som gjer det verd arbeidet. Innsatsen meiner eg har vore ganske halvhjarta til no. Avdanka verpehøner og kjekjøt er ikkje førstevalet til ein matindustri som vil tena pengar, dei må ta tak i det av andre grunnar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Er det eit systemproblem i landbruket, dette?
Problemet er mykje større enn avdanka verpehøner og bukkekje som blir avliva rett etter fødsel. Landbruk og matproduksjon er vesensforskjellig anna industri i det at me arbeider med levande dyr, og produserer noko alle menneske har rett på, og det i eit æveperspektiv. Me får problem når matproduksjonen blir styrt av dei same verkemidla som annan industri. Konkurranse og økonomi løyver lite plass til etikk og moral. Det er mange paradoks også i den norske matproduksjonen. Me produserer meir og meir gris og kylling, dyr som nesten utelukkande et korn og soja, og såleis konkurrerer direkte med menneska i matfatet. Me et for lite lammekjøt og har ein overproduksjon på dette feltet, sjølv om det ressurs- og klimamessig er det beste kjøtet me kan produsera i Noreg. Me har overproduksjon av mjølk, og må importera storfekjøt. Grunnen er at me importerer store mengder kraftfôr til den norske kua, som gjev høg mjølkeproduksjon i høve til talet kalvar ho produserer. Hadde me redusert kraftfôrbruken, hadde det blitt brent mindre regnskog, me hadde utnytta meir av utmarksressursane me har i Noreg, og me kunne balansert kjøt og mjølkeproduksjon. Men no er det økonomien som tel.
Er det ikkje noko lys i tunellen, slik du ser det?
- Eg er nok forsiktig optimist på vegner av utviklinga når alt kjem til alt. Folk si kunnskap og engasjement kring mat og matproduksjon har utvikla seg enormt sidan foreldra mine starta med ysting på 90-talet. Og me ser det i politikken. I dag må alle politiske parti meina noko seriøst om norsk landbruk. Men me er, etter mi meining, milevis frå ein etisk forsvarleg matproduksjon i dag, også i Noreg. Noko straksløysing ser eg ikkje politisk, og dessverre heller ikkje blant majoriteten av forbrukarane.
Kan den vanlege mannen i gata gjera noko - bør han krevja å få geitekjøt i butikken t.d.?
Berre det at me er opptekne av korleis maten blir produsert i Noreg, og er bevisste våre eigne handlevanar, betyr enormt mykje. Programmet på NRK syner at folk er opptekne av desse spørsmåla, og dess større merksemd dess meir vil folk bry seg. Eg håpar dette er som ein snøball som har byrja rulla. Spør etter lokale varer, et mindre gris og kylling, og etterspør lammekjøt også utanom påske. Oppsøk bonden som sel varene sine direkte. Då får du også mykje sunnare mat.
Kva gjer de sjølve på garden for å utnytta ressursane?
Som du skjønar er dette noko me brenn for her på Lygre. For oss har det nærast blitt eit livsprosjekt å forsøka å visa at matproduksjon kan drivast som eit samspel mellom dyr, menneske og natur, og der alle sine behov blir møtt. Og då tenkjer eg i eit globalt perspektiv. Me brukar t.d. ikkje kraftfôr til dyra våre. Som eit tilskot brukar me litt økologisk bygg dyrka i Noreg. Geitene våre får gå ute i skog og mark heile året, og et lyng og brakje om vinteren. Me får såleis lite behov for innkjøpt grovfôr. Kjea får gå i lag med mødrene sine heile livet, og kvar geit får behalda eit kje over sommaren. Eg ser at både kje og mor set pris på dette samværet. Me skil kjea frå om natta, slik at me får mjølk til ost om morgonen.
Og korleis handterer de slaktinga?
Når kjea skal slaktast, går dei ikkje på slaktebilen. Dei kjea som blir slakta på våren som grillkje, er små, og me vil ikkje senda dei i mange timar på dyretransport til Ølen, med alt det som høyrer til med stress. Me slaktar alle heime på garden, der dei same trygge hendene som tok imot dei, ber dei utom døra til slaktepistolen og kniven. Hønene våre går ute i det fri, og er ikkje fleire i flokken enn at dei kjenner kvarandre og klarer oppretthalda hierarkiet i flokken, som er så viktig for høner.
Går det an å leva av å driva på denne måten?
Me klarer å leva av denne drifta, og eg er viss på at det er ein modell fleire kan driva etter. Men me er heldige på det viset at me lagar ost sjølve, og har eit kundegrunnlag. Me kan selja både kjekjøt, ost og egg direkte, og såleis få den meirprisen me treng for å driva på denne måten. For det er ikkje tvil om at mjølkemengda blir drastisk redusert slik me driv. Det krev også mykje. Me arbeider med å få til eit godkjend gardsslakteri på garden, og det er ikkje lett. Det hadde vore ideelt med eit lite slakteri i annakvar bygd, der bøndene kunne gå i lag om slaktinga, eller tilsetja ein omreisande slaktar. Kjøtet kunne vore marknadsført direkte inn mot lokale butikkar eller ein kunne ha gardsutsal og abonnementsordning.
Dag Kyrre Lygre
Fødd 1980
Busett: Lygre, Søre Fusa
Artikkelen held fram under annonsen.
Sivilstatus: Gift med Veronica Solheim Lygre, to born
Stilling: Driv Lygre Livsgard der dei produserer ein vidgjeten økologisk geitost
Aktuell med: Reagerer på uetiske sider ved industrielt jordbruk i kjølvatnet av avsløringar i NRK-dokumentar