Den nye plattforma: – Sterkt vern av jordbruksareal
I den politiske plattforma skriv samarbeidspartia at dei vil vera ein pådrivar for klimavenleg landbruk. – Vi ønskjer at nye bustadfelt vert tilrettelagte med mogelegheiter for parsellhagar.
Partia ønskjer også at kommunen skal vera ein pådrivar for at oppdrettsanlegg på sikt vert utsleppsfrie.
– Oppdrett er ei viktig næring i Bjørnafjorden. Det er viktig at oppdrettsnæringa får føreseielege rammevilkår. Bjørnafjorden må ha planar som både syt for tenleg plassering av anlegg, og ivaretek ålmenta sine interesser i kystsona, heiter det i kapittelet som tek føre seg primærnæringane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vidare går det fram at samarbeidspartia går inn for sterkt vern av jordbruksareal.
– Det er spesielt viktig med samanhengjande areal til matproduksjon, skriv partia.
Partia ønskjer også å støtta opp om småskalamatproduksjon, gardsturisme og andre aktivitetar, som til dømes ”Inn på tunet”, slik at det bur folk på bruka.
Elles ønskjer partia å priorotera bygging av tømmerkaier og skogsbilvegar. Samarbeidspartia vil arbeida for betre vilkår for bønder og fiskarar som ønskjer å selja produkta sine lokalt.