SV-Siv får ei rose frå Tone Hepsøe i Os Arbeidarparti. Stemninga mellom dei ulike partistandane er stort sett god.
SV-Siv får ei rose frå Tone Hepsøe i Os Arbeidarparti. Stemninga mellom dei ulike partistandane er stort sett god.

Debuterer som 53-åring

Siv Søgnen Olsen (53) var ei av dei som aldri våga ta ordet på foreldremøte. No held ho føredrag for LO-toppar og driv valkamp for SV.

Fram til ho bikka 50, ville Siv Søgnen Olsen helst vera anonym i forsamlingar.

- Eg skravlar fælt i veninnegjengen, men har ikkje teke ordet på eitt einaste foreldremøte. Og eg har vore på mange, ler fembarnsmora frå Lysefjorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Knallhardt

I 2012 vart Siv kjend som tillitsvald for reinhaldarane som mista jobben etter at Os kommune gav kontrakt til Metode Renhold AS. Siv fronta saka i både media og overfor kommuneleiinga.

- Det var knallhardt. Likevel er det kollegaer som har hatt det verre enn meg etterpå, seier Siv.

Blomar frå Lysbakken

Like etter hendinga, kom SV-leiar Audun Lysbakken på besøk til Os. I tillegg til å ta bussen ilag med Lysbakken frå Bergen til Os, gav han henne blomar som ho tok i mot på vegner av dei oppsagde reinhaldarane. Ein gest som varma.

Det politiske engasjementet har førebels ikkje smitta over på dei fem borna. - Men eg prøver i alle fall å fortelja dei kor viktig det er å vera fagorganisert, seier Siv.
Det politiske engasjementet har førebels ikkje smitta over på dei fem borna. - Men eg prøver i alle fall å fortelja dei kor viktig det er å vera fagorganisert, seier Siv.
Siv i prat med ein veljar.
Siv i prat med ein veljar.
Siv har sitt av helsemessige utfordringar, deriblant psoriasis. - Men eg let meg ikkje stoppa av det, smiler ho.
Siv har sitt av helsemessige utfordringar, deriblant psoriasis. - Men eg let meg ikkje stoppa av det, smiler ho.

- SV var det einaste partiet som handla med meir enn ord. Dei viste at dei brydde seg, snakka med oss og gjekk ut i media og forsvarte oss. Etter det melde eg meg inn, seier Siv.

På grunn av helsa, er ikkje Siv lenger i vanleg arbeid. Men gjennom NAV jobbar ho deltid i kantina på rådhuset. Der har ho folk frå Os ASVO som kollegaer.

- Dei er aldeles strålande folk. Eg gler meg nok meir til å treffa kollegaene min, enn lokalpolitikarane som er kundane våre, ler ho.

Overraska born

Siv voks opp på Lekven, men har budd i Lysefjorden heile sitt vaksne liv. Ho voks ikkje opp i nokon politisk familie, og gav heller ikkje eigne born nokon politisk oppvekst.

Om du spør kven som helst av dei fem borna hennar, i alderen 21 til 29 år, er svaret at dei aldri hadde trudd at mora ville enda opp i politikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Siv har vore ei heimeverande "hønemor", oppteken av at borna skulle ha det godt, frå ho fødde eldstemann som 23-åring. Samtidig slutta ho å arbeida, og noko utdanning utover malar- og dekoratørlinja på Bergen yrkesskule vart det ikkje.

Fyrst i 1995 gjekk ho ut i arbeidslivet igjen då ho byrja ho som reinhaldsvikar på Lysekloster skule og barnehage.

- Eg hadde tvillingjenter på 18 månader. Borna var ikkje i barnehage, så eg tok dei med meg på jobb fram til faren kunne henta dei.

Heime i SV

Trass manglande politisk engasjement i oppveksten, har ho alltid stemt ved val.

- Eg har stemt på litt ulike parti, men aldri Frp. Dei siste åra har det berre vore SV, seier ho.

- Med SV kjennest det som at eg høyrer heime. Eg har identiteten min der, meir enn at eg har gjort eit val, seier ho.

Siv har fleire gonger opplevd at folk ler av henne når ho fortel at ho er medlem i SV.

- Dei seier at det er eit tulleparti. Men eg bryr meg ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må oppføra seg

I årets valkamp har Siv alt vore på stand fleire gonger. Noko ho tidlegare har gjort Fagforbundet som tillitsvald for reinhaldarane.

- Det er kjempegøy å stå på stand. Mange kjem bort for å høyra kva SV står for og preika politikk. Dessutan møter eg masse trivelege folk frå andre parti, seier ho.

Men ein ting liker ho dårleg.

- Ja, når politikarar slenger drit om andre parti eller politikarar. No sist var det ein som snakka stygt om Miljøpartiet De Grønne. Då var eg borte og gav beskjed om at slik kan vi ikkje oppføra oss. Vi må ha respekt for kvarandre og vera høflege, sjølv om vi er usamde, seier ho.

LO-føredrag

Å stå på stand er ein ting, men heldigvis, i følgje henne sjølv, har ho unngått å stå framfor store forsamlingar. Inntil i fjor. Dagen før ein LO-konferanse i Bergen vart ho og Hege Bjørnør, leiar for Fagforbundet i Os, inviterte til å halda føredrag om konkurranseutsetjing.

- Vi måtte jo stilla opp, men eg var så nervøs at eg ikkje visste kor eg var, ler ho.

Underleg nok fall roa over henne medan ho stod der. Til si store overrasking gjekk det strålande.

- Det var fyrste gongen i mikrofon og greier. Stemmma mi høyrdest så rar ut, men vi fekk mykje skryt etterpå, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

I sitt ess

Litt seinare vart damene inviterte av Os Arbeidarparti til deira årsmøte.

- Det var verre, for eg skulle snakka til langt færre. Eg drog pusten djupt, men var stressa og snakka på både inn- og utpust.

Sjølv om Siv ikkje var like nøgd med eigen opptreden, var ho i sitt ess under spørsmålsrunden etterpå.

- Eg har oppdaga at det er greitt å snakka høgt, så lenge det er ei sak eg brenn for, seier ho.

53 år gamal har ho altså oppdaga ei hittil ukjend side ved seg sjølv.

- Det må nok ha lege der latent ei stund, trur ho.

Nyleg heldt ho minnetale i gravferda til mor si. Noko som var både kjenslelada og vanskeleg.

- Eg hadde nok gjort det uansett, men det vart kan henda lettare fordi eg hadde litt taletrening.

Artikkelen held fram under annonsen.

Baksida av medaljen

Ein skal ikkje ha snakka lenge med Siv før ein skjønar at Frp og ordførar Terje Søviknes ikkje står høgt i kurs. Den såkalla "reinhaldar-saka" sit sterkt i.

- Men det handlar også om andre ting. Det er sant at Frp har fått til mykje bra, men det finst ei bakside av medaljen som vi sjeldan snakkar om. Mellom anna er den kommunale gjelda alarmerande stor. Ein dag seier det pang, seier ho engasjert.

- Du står på niande plass på SV si liste. Korleis vil det bli å eventuelt sitja i kommunestyret? Og då saman med Terje Søviknes?

- Det blir gøy! Og sjølvsagt skal eg greia å forhalda meg til både Søviknes og andre på ein profesjonelle måte. Men eg trur det er på tide med eit skifte no. Det er ikkje bra med verken rektorar eller ordførarar som sit for lenge, seier ho.

- Kva ville du sjølv ha gjort om du var ordførar for ei veke.

- Eg ville ha sagt nei til nokon ting. Sjå berre på all utbyggjinga. Frp og Høgre gjev dispensasjonar over ein låg sko og har mål om å vera den største ja-kommunen i landet. Men eg trur det er positivt å seia nei av og til, seier ho bestemt.

Populær

- Du snakkar med mykje tryggleik og sjølvtillit. Kor kjem det frå?

- Sanneleg om eg veit. Det har jo ikkje alltid vore slik. Men eg har nok blomstra opp dei siste åra, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

- For meg er det politiske engasjementet 100 prosent ekte. Eg bryr meg ikkje om å bli populær. Det handlar om å stå opp for det eg trur er rett, seier ho.