Kreftkoordinator Sigbjørg Eriksson (t.v.) og  helsesyster Marita Måge har saman med ei handfull frivillige ansvar for Treffpunkt.
Kreftkoordinator Sigbjørg Eriksson (t.v.) og helsesyster Marita Måge har saman med ei handfull frivillige ansvar for Treffpunkt.

"De vaksne gjer alt så vanskeleg"

Kreftkoordinator Sigbjørg Eriksson har aldri gløymt orda til eit av borna på Treffpunkt.

Kva gjer eit barn med ein kreftsjuk far, når han er på butikken og nokon spør: "Korleis går det med pappaen din?

- Du veit, folk meiner det godt, men det er ikkje så lett for born å vita kva ein skal svara når ein får eit slikt spørsmål, seier Sigbjørg og siterer ein gut på Treffpunkt: "De vaksne gjer alt så vanskeleg".

Artikkelen held fram under annonsen.

Bolledeig til heving

Ein måndagskveld i månaden inviterer Os kommune, med kreftkoordinator Sigbjørg Eriksson og helsessyter Marita Måge i spissen, til Treffpunkt på Luranetunet. I snart fire år har dette vore ein møteplass for born frå 6-16 år som er i familie med nokon som har kreft, eller som er død av kreft.

I skrivande stund står Sigbjørg og lagar bolledeig til kveldens samling.

- Det er viktig at ungane får vera ilag og gjera noko kjekt. Då er det greitt at deigen er heva før dei får setja i gang med bakinga, smiler ho.

Kvart Treffpunkt startar med at borna presenterer seg sjølv og kvifor dei er her. Ein fortel kanskje at pappa har kreft, ein annan at mamma er død. Deretter fortel dei kva skule dei går på og kva dei likar å gjera i fritida, forklarer Sigbjørg.

- Den vesle setninga om kvifor dei er her, kan vera vanskeleg å seia. Men det er likevel så viktig. For her får dei vera saman med andre som har opplevd det same som dei, legg ho til.

Ein kveld kunne ei lita jente fortelja at: "Eg har gått her fordi pappa har kreft, og no er han død".

- Då var det ein gut, som var fleire år eldre, som sa at han gjerne ville vera med henne denne kvelden. Han hadde opplevd det same og ville gjerne stilla opp for henne, fortel Sigbjørg.

Tredelt Treffpunkt

Treffpunkt er delt i tre. I tillegg til presentasjonen som startar kvar samling, skal det også vera kjekke aktivitetar og god mat. I tillegg til bollar, står også smoothie på kveldens meny. Deretter blir det stafett med scrabble-bokstavar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi legg opp aktivitetane etter årstida. Dessutan får ungane vera med og bestemma, seier Sigbjørg.

Per i dag er det 17 born på Treffpunkt-lista, men Sigbjørg bedyrar at her er plass til fleire.

- Absolutt! Dette er nemleg viktig. Vi har både born som har gått her i mange år, og born som går her ein periode og så sluttar. Begge delar er heilt lov, seier ho.

Snakka om triste ting?

Erik Mjelva hugsar at han (13) var ganske usikker før sitt fyrste Treffpunkt.

- Eg var redd for at dei berre skulle snakka om triste, leie ting.

Sigbjørg hugsar godt at Erik var skeptisk.

- Heldigvis opplevde han at slik er det ikkje. Vi legg vekt på å ha det kjekt ilag, seier ho.

- Samtidig kan det godt vera at vi snakkar om litt vanskelege ting utan at borna registrerer at det er trist. Vi leiarane kan til dømes få melding frå foreldre om at noko på skulen er utfordrande, og så snakkar vi rundt dette utan å seia noko om kven som har meldt det. Det kan gje støtte både for den det gjeld og dei andre borna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vaksenspørsmål

Tilbake til spørsmålet "Korleis går det med pappa?". Kva skal borna svara?

- Vi seier tydeleg frå om at det er eit vaksenspørsmål som dei ikkje treng å svara på.

- Borna kan be folk ringa mamma og spørja henne, eller enkelt og greitt svara at det går greitt med pappa.

- Poenget er at dei ikkje har noko ansvar for å gje eit langt og detaljert svar på det som er eit vaksenspørsmål, seier Sigbjørg.