Damenes aften med rosa skjær
Både damene og brystkreftforskninga fekk sitt då Fjord´n Senter i Eikelandsosen arrangerte Damenes aften fredag kveld.
Det galdt å vera tidleg ute sidan dei 50 fyrste fekk gratis goodie-bagar med ymse feminint småknask. Alt ein halv time før start var det mange damer som sat og venta.
- Det skulle ikkje forundra meg om nokon til og med hadde site der sidan kvelden før, fleiar Astrid S. Rysjedal. Det fusiske fyrverkeriet er fast konferansier på tilstellinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
I løpet av kvelden måtte senterleiar Michelle Hjelle fleire gonger på kontoret for å trykka opp konkurranse-ark. Med andre ord kom det fleire folk enn venta.
- Det var ein aldeles strålande kveld med mykje latter og djupt alvor. Nett slik det skal vera, seier ho.
Som alltid går delar av inntekta til brystkreftforskinga. Ei kvinne frå Brystkreftforeningen var til stades og fortalde korleis det var å få den alvorlege diagnosen.
Mammografi
- Hennar historie var veldig ekte og nær. Konferansieren er ei tullehøne, men ein skal ha litt alvor også ein slik kveld. Alle er jo redde for pupperiet, seier Rysjedal som sjølv valde å fortelja ærleg om eigen mammografi-undersøkjing.
- Du veit, om puppane ikkje var så fjonge frå før, vart dei i alle fall ikkje noko betre etterpå. Det var berre å rulla dei opp att i bh-en og gå heim, sa Rysjedal og oppmoda alle til å gå heim og tafsa på eige utstyr, eventuelt få ein ven til å stilla opp med litt hjelp.
- Det kan no ikkje vera det vanskelegast å få hjelp til her i verda, ler ho.
Tapas og mingling
Men som alle veit, utan mat og drikke, duger kvinner ikkje. Tønnekafeen leverte tapas og fingermat som skapt for mingling og smalltalk.
Rysjedal er usikker på kor mange som var til stades.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Men det var i alle fall svært mange puppar ute og gjekk, forsikrar ho.
- Kva med menn?
- Nei, ein og annan stakkar var jo ute for å handla, men dei sneik seg stort sett langs veggene og prøvde å vera usynlege.
Vert ny
Som alltid er det lokale modellar på catwalken. Alle frå småjenter til dei grå hår, viste fram mote og frisyrer frå eige senter. Nokre hadde til og med fått rosa hår, til ære for brystkreftforskinga.
Kveldens høgdepunkt var likevel trekkjinga av ein "bli ny"-premie. Hildur Eikeland vart den heldige vinnaren av ein fleip eller fakta-konkurranse om dei tilsette på senteret. Ho kan gle seg til ein raus frisørtime hos Frisørbua og sko og kle til ein verdi av kr 2.000 frå Kamille og MarAn sko.