Cupen som vart til ein folkefest
Han hadde veldedig arbeid i tankane då han starta Redd Barna Cup i 2012. At det også skulle bli ein real folkefest, var meir enn Tommy Aasen hadde håpa på.
Kenneth Svenningsen
Artikkelen held fram under annonsen.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no
Redd Barna Cupen på idrettsplassen ved Søre Øyane skule er blitt langt meir enn ein 7-ar-cup i fotball. På sitt fjerde år er arrangementet både velsmurt og tettpakka med underhaldning, og det for fleire enn dei mest aktive som ønskjer å ta del i lagsport med eller utan utkledning.
Stolt far og farfar
Sentralt i det store arrangementet er Tommy Aasen. 14 år gamal starta han Redd Barna Cup for å samla inn pengar til den veldedige organisasjonen.
- Eg hadde aldri trudd det skulle bli så stort som dette. I dag har me sikkert 50-60 frivillige om er med på å dra arrangementet i land, samstundes er mange hundre born og vaksne på plass for å mora seg å delta i cupen. Det er stort, seier ein stolt Tommy Aasen.
Pappa Asbjørn og farfar Johannes er også stolte.
- Det han har fått til her er berre utruleg. Han har mange hjelparar, men me synest det er litt stas at det var Tommy som starta det heile, seier pappa Asbjørn.
Farfar Johannes er litt meir lågmælt.
- Eg berre nikkar som for å slutta meg til Asbjørns skryt. Me er stolte av Tommy, smiler Johannes.
Artikkelen held fram under annonsen.
God omsetjing
Sjølv om påmeldinga til fotball- og volleyballcupen er gratis er det gode kår for inntening på dagar som denne. Med nær sagt 17. mai-frammøte vert det godt med pengar på kiosksal og sal av grillmat.
- For oss er det viktig at volleyballen og fotballen er gratis. Men det vert likevel bra inntening. I fjor sende me av garde 60.000 kroner til Redd Barna. I år håpar me på endå meir, smiler Tommy.
Han hadde ein lang dag framfor seg då Os og Fusaposten prata med han i 11-tida laurdag.
I dag skal me arrangera 60 fotballkampar og 20 volleyballkampar før me pakkar ned. Truleg vert det fullt liv her ute fram til klokka 20 i kveld, seier cup-generalen.
Lotteri og muskk
Til cupen kom lag og kamerat-gjengar frå fjern og nær. Til og med fusingar hadde funnet vegen.
- Me får med oss alle gode cupar som er å få med seg, smilte Ann-Elen Skjelbreid som hadde med seg jenter 9-laget til Eikelandsosen.
Til volleyball- og fotballturneringa kom det til og med eit lag frå Stord.
- Eg har teke med meg ti dyktige volleyballspelarar frå flyktningemotaket på Stord. Dette er ti gutar som verkeleg gler seg til å spela og visa kva dei er gode for, fortalde Gudridur Thorsteinsdottir.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men også for publikumarane og dei minste var det mykje å finna på. Oppe ved skulen var det grilling av pinnebrød, lotteri, gratis laging av buttons og musikalsk underhalding.
I tillegg sytte Hans Marius Johnsen og Eirik André Hesthamar for at publikum og deltakarar til ein kvar tid visste kva som skulle skje og kvar det skulle skje.
- Me har teke på oss DJ og speaker-rolla i dag. Med dette anlegget når me verkeleg ut til folk. Sender ein takk til kulturkontore i Os for gratis lån, helsar Hans Marius Johnsen.