C, Q, Z og W står for tur
På barneskulen i Eikelandsosen har førsteklassingane nesten gjort seg ferdige med alle bokstavane i alfabetet. Dei einaste som gjenstår er: C, Q, Z og W. Snart har dei seks elevane kontroll på dei også.
- Eg liker å lesa og å laga indianarvev, fortel Hannah Lyhammer Sævareid (6).
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg liker å skriva bokstavar og ha matte, seier Maciej Jan Gamelski (6).
Duoen går i klasse med Nikolai Rødseth Berge (6), Trond Markhus (7), Leon Sebastian Øygard (6), Ruben A. Henriksen Aase (6) og åtte andreklassingar.
- Kva er det kjekkaste med å gå på skulen?
- Byggja lego, SFO, lesa, laga påskeegg, data, sjå video, seier elevane ivrig.
Kontaktlærar Esther Bruvik fortel at førsteklassingane, i tillegg til alfabetet, har lært tala frå 0 til 20, dei har lært om ulike former som trekantar, firkantar og sirklar, og, det kanskje viktigaste av alt når ein er skulegut og -jente, å rekkja opp handa når ein vil seia noko.
- Vi samlar på stjerner på tavla. Når elevane er flinke til å rekkja opp handa til dømes, får dei ei stjerne. Og når vi har ti stjerner, får dei ein premie, fortel Bruvik.
Premien kan vera alt frå å baka og å vera i gymsalen, til å eta popcorn og sjå på film.
- Elevane er med på å bestemma kva premien skal vera. Denne gongen har dei sagt at dei har lyst til å gå på kjøkenet å baka, seier kontaktlæraren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når «Os og Fusaposten» er på besøk, er det klassens time. Etter litt fotografering og prat, samlar første- og andreklassingane seg igjen, og skuledagen kan halda fram.