Linda Merethe Dysvik har gjeve oss fleire flotte bidrag i løpet av konkurransen. Dette synest me var både originalt og teknisk flott gjennomført. Vinnarbilete i finalen. Me gratulerer!
Linda Merethe Dysvik har gjeve oss fleire flotte bidrag i løpet av konkurransen. Dette synest me var både originalt og teknisk flott gjennomført. Vinnarbilete i finalen. Me gratulerer!

#Bjørnafjordenlandskap: Kreative Linda Merethe gjekk heilt til topps

Til glede for Olav Botnevik og resten av juryen, var fleire av dei siste bidraga til #Bjørnefjordenlandskap kvardagslege bilete av klassisk bjørnafjordenlandskap. Mest poeng hausta likevel Linda Merethe Dysvik med sitt «Raking i solnedgangen»-bilete.

– Eg har late meg imponera av mange flotte stemningsbilete, men om det er noko eg har sakna litt, så er det meir dei kvardagslege bileta av bjørnafjordenlandskap. Meir av typen ein ser like utanfor stovevindauget, seier leiar i Os Bondelag, Olav Botnevik.

I siste runde av konkurransen #Bjørnafjordenlandskap, fekk han fleire av denne typen bilete.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Frå min ståstad er det bilete frå Hegglandsdalen her som er det beste. Dette er kvardagslandskap frå Bjørnafjorden. Fjell, dal, dyrka jord og fjord i bakrunnen, seier Botnevik.

Vanskeleg avgjerd

Før finalerunden vurderte juryen, beståande av Olav Botnevik frå Os Bondelag og Karoline Forselius og Kenneth Svenningsen, samtlege av dei beste bileta som har nådd oss den siste månaden. Til finalerunden denne veka hadde me med oss sju bilete.

Botnevik sette altså Steinar Berg sitt bilete av Hegglandsdalen som nummer ein.

Steinar Bergheim sitt bilete frå enden av fjellsida i Hegglandsdalen var vakkert på klassisk vis. Bilete fekk nest mest poeng i finalen.
Steinar Bergheim sitt bilete frå enden av fjellsida i Hegglandsdalen var vakkert på klassisk vis. Bilete fekk nest mest poeng i finalen.
Turi Fagerbakke Kvittingens bilete frå vegen opp mot Lyshornet imponerte juryen og var med heilt til siste finalerunde.
Turi Fagerbakke Kvittingens bilete frå vegen opp mot Lyshornet imponerte juryen og var med heilt til siste finalerunde.
Linda Merethe Dysvik vann også andre runde av konkurransen. Då med dette biletet, som vart med heilt til finalerunden.
Linda Merethe Dysvik vann også andre runde av konkurransen. Då med dette biletet, som vart med heilt til finalerunden.
Siri Marie Hovdenes vann tredje runde med dette biletet frå Liafjellskråinga over Moberg. Biletet vart også med til finalerunden utan å nå heilt opp.
Siri Marie Hovdenes vann tredje runde med dette biletet frå Liafjellskråinga over Moberg. Biletet vart også med til finalerunden utan å nå heilt opp.
Jan Petter Svendal har levert fleire solide bidrag i denne konkurransen. Dette fargerike motivet frå Moberg nådde finalen.
Jan Petter Svendal har levert fleire solide bidrag i denne konkurransen. Dette fargerike motivet frå Moberg nådde finalen.
Lars Haugom har også  vore med oss med fleire bilete i denne konkurransen. Dette er eit bilete som juryen fann både fascinerande og noko dystert. Fotografen vedgår at han brukte litt verkty for å få fram dei noko mørke linjene.

Karoline Forselius og Kenneth Svenningsen lèt seg også sjarmera av det vakre naturlandskapet sett frå høgda inst i dalen, men kunne likevel ikkje fri oss frå å bli mest imponert over Linda Merethe Dysviks noko meir originale og tilsynelatande meir planlagde og gjennomtenkte bilete frå høgda over Venjaneset i Fusa.

Linda Merethe Dysvik har vore særs ivrig i denne konkurransen sett under eitt. Fusingen har sendt bidrag til samtlege rundar og vann også runde to. Juryen synest ho vinn fortent, og gratulerer så mykje!

kenneth.svenningsen@osogfusa.no