- Bahus-tomta er eit betre alternativ
Er osingane så trufaste mot ordtaket «Tale er sølv og taushet er gull» at dei vel å vera tause vedrørande plan om bubilpark i Hamnevegen/Steinneset, spør Reidun Hafstad Parkes og Tove Nøss i dette lesarbrevet.
LESARBREV: Eller trur osingane det er nyttelaust med innspel til dei som sit med avgjerdslemynde i kommunen vår?
Vi undrast sidan det er så få innbyggjarar i Os som har ytra seg i media om planane vedrørande opprusting av sentrum.
Artikkelen held fram under annonsen.
Til rekreasjon
Planane omfattar blant anna å fylla ut hamna innanfor gamle moloen i området Haugsnesfjæra. Men, for oss er det eit stort men i denne delen av planen, nemleg ønsket om å plassera bubilpark på Steinneset.
I generasjonar har dette området blitt nytta til rekreasjon av fastbuande og tilreisande, heile året kan ein observera at folk nyttar dette området til ulike formål. Mange går tur med sine barn og barnebarn, andre prøver fiskelukka, medan atter andre nyt synet av Bjørnefjorden både i storm og stilla. På fine sommardagar nyt folk den unike utsikten over fjorden og når det stormar, går folk dit for å kjenna på veret. Osingane fortener desse opplevingane utan ein bubilpark på dette fredelege området.
Meiner verkeleg prosjektsjefen i kommunen vår at Os er ein attraktiv stad å busetja seg når han vil plassere bubilar heilt inn i stovevindauget til dei fastbuande?
Kva med støyen?
Vi vil gje vår støtte til bebuarane i Hamnevegen/Steinneset og alle andre som i dag nyttar dette området, og trekkjer fram Bente og Einar Karstad sine argument mot å etablere ein bubilcamp midt i eit etablert bustad-/friluftsområde («Os & Fusaposten» 10 juni).
Vi er einige i opprustingsplanane for å gje området eit estetisk løft, men det blir uforståeleg for oss at det er akkurat her ein ønskjer å etablera ein bubilpark.
Kva med støyen frå bubilane sine aggregat og forureininga dette gjev? Og, har planleggjarane tenkt på kva ein bubilplass krev av fasilitetar? Tømming av toalett og spelvatn, tilgang til straum og ferskvatn m.m..
Eit betre alternativ
Vi vil endå ein gang presisera at vi rosar kommunen for å rusta opp sentrum, og gje området Hamnevegen/Steinneset ei oppgradering. Som innbyggjarar i Os vil vi likevel tillata oss å koma med eit forslag til eit alternativ bubilområde. Kva med å nytta parkeringsplassen sør for Bahus-fabrikken (som vi òg såg Osfest-arrangørane hadde tenkt på)?
Der får bubileigarane utsyn over sentrum mot fjorden. Dessutan kan dei gå igjennom sentrum, for å koma til fiskeplassane og den vakre fjorden. Sjølv om all forsking viser at bubilturistane er dei som handlar minst, kan ein også likevel håpa at dei blir freista til å stikka innom ein og annen butikk på si ferd til og frå sine bubilar. Dei kan nytta den gamle jernbanelinja til fots eller på sine medbrakte syklar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dersom Bahus-tomta blir vald som bubilcamp, blir det mindre støy og anna sjenanse for fastbuande fordi det på denne tomta primært ligg næringsverksemd. Denne løysinga bør vera eit betre alternativ for dei fastbuande og også for bubilturistane som vil oppleva den vakre bygda vår.
Dersom Bahus-tomta blir vald som bubilcamp, blir det mindre støy og anna sjenanse for fastbuande fordi det på denne tomta primært ligg næringsverksemd.
Reidun Hafstad Parkes
Tove Nøss