Atter ein gong budsjett-kamp i Fusa kommune!
Utruleg nok er det igjen skulestrukturen som får gjennomgå i budsjett-kampen i Fusa, skriv Jarle Vinnes.
LESARBREV: (Dette lesarbrevet vart skrive før dagens kommunestyremøte): Er det ikkje på høg tid at ein no seier i frå at dette er eit "spel" frå administrasjonen og rådmann Berit Fløysand, for å dreia fokuset vekk i frå kostnadene som blir brukt for å driva Fusa kommune.
Det same gjentar seg år etter år, og det endar alltid opp med ein bitter strid mellom bygdene våre.
Artikkelen held fram under annonsen.
For å dra parallellar mot næringslivet, er det alltid stor og nødvendig fokus på budsjettsida når det gjelder inntekter og utgifter, noko som blir fylgt opp av iherdig og god leiing.
Etter mi meining er det ein av problemområda i Fusa kommune!
Kall ein spade for ein spade
Er det ikkje på høg tid å kalla ein spade for spade, og vera modig nok til å ta denne runden og synleggjera kva me eigentleg bruker pengane på i kommunen.
Er det nokon gang lagt fram tal som visar kva kostnaden er fordelt på talet innbyggjarar i denne kommunen?
Korleis har det seg at når det er snakk om dårleg økonomi (raude tal), så er det skulestrukturen som må endrast?
Det hadde verkeleg vert fint om rådmannen hadde lagt fram tala på kva kostnadene har vore (og er) på innleie av konsulentar dei siste åra.
Til dømes konsulent-tenester i samband med arealplanen og i desse dagar når det gjelder utgreiing om kommunesamanslåing.
Er det ikkje på høg tid å vera ærlege nok til å seia i frå at det er leiinga og administrasjons-kostnadene me må fokusera på framover!
Artikkelen held fram under annonsen.
Fristill alle stillingane
Mitt forslag er følgjande: Fristill alle stillingane i administrasjonen i Fusa kommune, og gjer deretter ein grundig gjennomgang når det skal søkjast på nye stillingar.
I tillegg må det innførast stemplingsur på alle kommunale einingar, noko som igjen vil forenkla og synleggjera timefangst og kostnadsbilete.
Jarle Vinnes,
som sjølv har erfart kampen om å behalda grendaskulen, i dag Vinnes Friskule