Det blir stadig fleire osingar som kjem til å ha bruk for både Fjellheim og Oseana. Stem på eit parti som vil ta Fjellheim og fortida med seg inn i framtida.
Det blir stadig fleire osingar som kjem til å ha bruk for både Fjellheim og Oseana. Stem på eit parti som vil ta Fjellheim og fortida med seg inn i framtida.

Apropos kommunevalet: Tre gode grunnar

I våre dagar er politikk blitt ei prioriteringsliste over pengebruk. Ideologiar er det mindre med, skriv Lars Skorpen.

Om nokre dagar skal vi velja dei personane som skal setja opp denne lista i Os kommune for dei neste fire åra, og då er det naturleg nok slik at vi stemmer på det partiet som vil bruka skattepengane våre på mest mogleg fornuftig måte, slik vi ventar etter gjennomlesing av partiprogramma og tilbakemeldingar frå fornuftige folk på listene.

Vi ser for oss ei passeleg fordeling av pengar til barnehagar, skule, helse og eldreomsorg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til kultur (det utvida omgrepet) og kommunale vegar. Og så planleggingspengar for framtida, sjølvsagt. Så kan vi med godt samvit ta med oss denne politiske pengeprioriteringslista, som vi med vår fornuft fann fram til, og plassera henne i valurna måndag den 14. september.

Ikkje så enkelt

Nei, så enkelt som dette er det faktisk ikkje, etter mi meining. Det har seg nemleg slik at det innimellom dukkar opp saker som ikkje kan plasserast på ei slik penge-prioriteringsliste. Saker som har stor betydning for folk langt fram i tida. Saker som vanskeleg lèt seg reversera. Saker som osingar etter oss får eit forhold til. Vi snakkar om barn, barnebarn og oldebarn. Det hender nemleg at politikarane våre også må gjera ganske vanskelege val, og nett no er vi inne i ein periode med nokre store spørsmål for framtida, og desse spørsmåla må vi som veljarar gjera oss opp ei meining om før den 14. september.

Det er noko som heiter at alle gode ting er tre. Eg vil heller seia det slik at vi har tre viktige saker som må takast standpunkt til med stemmesetelen vår i år. I tillegg til kva for politiske pengespørsmål som skal prioriterast. Og desse sakene vil eg kort gjera greie for.

Den viktigaste

La oss starta med den som kanskje kan kallast for den viktigaste. Då snakkar vi om det som kan sjå ut som Statens vegvesen sitt prestisjeprosjekt, dette ganske meiningslause og miljøøydeleggjande bruprosjektet over Bjørnefjorden. Her må politikarane slå i bordet og visa at det er dei som har makta i sine hender. Nett no kan det sjå ut som om det er brubyråkratane og brubyggjarane som bestemmer om Bjørnefjorden og bygda vår skal bli belasta med ein miljøskadande motorveg i framtida.

Eg håpar at lesarane finn fram Nils Georg Brekke sitt gode innlegg på side ni i «Os og Fusaposten» laurdag 5. september og dermed blir overtydde om å stoppa bruplanane med si stemme den fjortande september.

Fjellheim

No nærmar vi oss det flotte, gamle kulturhuset, Fjellheim, som somme politikarar vil radera ut or kartet.

Gamle Fjellheim hadde innviingsfest den 26. februar 1911, og frå då av vart huset heile bygda si storstove. Etter brannen denne laurdagsnatta på etter-sommaren i 1936, reiste nye, flotte Fjellheim seg or oska halvtanna år seinare.

Ein av dei tonegivande arkitektane på denne tida, Johan Lindstrøm (1893 - 1958), hadde skapt eit praktbygg der oppe i Mobergshaugane, ikkje lenger berre eit symbolbygg, men etter kvart også eit signalbygg, som vart ein viktig og tydeleg del av bygda sin identitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her kom Den Nationale Scene på besøk med "Gjengangere" av Henrik Ibsen, her hadde Musikkselskapet Harmoniens Orkester sine 53 musikarar med seg Symfoni nr. 5 av Beethoven. Her kom folk i flokk og følgje for å sjå 30-talsrevyane, og her heldt "Fritio" hus frå 1978. Her trente turndamene, herreturnarane og barneturnarane, fotballfolket, handballdamene og dei friidrettsfrelste.

Os Musikkforening sine orkester hadde øvingar fram mot flotte festkonsertar.

Her var laurdagsdansane og søndagsfilmane med alle heltane våre, og her voks etterkrigsgenerasjonane opp.

Dette kulturhuset kan med litt oppussing brukast av komande generasjonar. Det blir stadig fleire osingar som kjem til å ha bruk for både Fjellheim og Oseana. Stem på eit parti som vil ta Fjellheim og fortida med seg inn i framtida.

Flørta med Fusa

Så kjem vi til planar om kommunesamanslåing. Dette er det ikkje så mykje å seia om, sidan eg har forstått det slik at det er konsensus mellom kommunepolitikarane våre om at det ikkje er snakk om ekteskap mellom Os og Bergen. Det ville føra til flytting av nærdemokratiet inn i storbyen og er difor heilt uaktuelt. Vi har tradisjonar å ta vare på og klarer oss godt åleine. Men skulle sentralmakta meina noko om eit samarbeid i Midthordland, skulle ein kunna flørta litt med Fusa, som vi skilde lag med i 1855.

Eit samarbeid med Fusa kommune ville ikkje ha svekka nærdemokratiet. Men ei bru inne i Boga-området vil vera ein føresetnad.

Gode osing, når du no har funne fram til den politiske pengeprioriteringslista som støttar dine hjartesaker best mogleg, må du undersøkja dette partiet sitt syn på ei framtidig bru over Bjørnefjorden, bevaring av kulturhuset Fjellheim og ei eventuell kommunesamanslåing med Bergen. Og så må du forlanga at det partiet du vel også synest at alle gode ting er tre. Heilt i tråd med dei tankane du har funne i dette innlegget.

Då blir ikkje ditt val 14. september berre pengeprioritering, men også fleire ideologiske verdival for framtida til folk i Osbygda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lars Skorpen