Adrian (5) fekk rugg på kroken
Adrian Kristiansen landa ein nesten åtte kilo tung lyren i Lysefjorden søndag.
Geir Kristiansen og sonen Adrian var på fisketur i Lysefjorden då storfisken beit på kroken.
– Adrian hadde til og med heilt ny fiskestong, fortel pappa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Om snart seks år gamle Adrian måtte ha hjelp til å sule inn fisken, veit vi ikkje.
– Men ein ting er sikkert. Dette blir ikkje vår siste fisketur denne hausten, seier ein stolt og nøgd pappa.
anne-marie@osogfusa.no