Vurderer nytt asylmottak i Os
Selskapet Abri Vekst, som driv asylmottak i Rogaland, har kontakta Os kommune om etablering av eit asylmottak for over 100 personar i bygda.
I brevet heiter det at Abri Vekst ønskjer å tilby UDI eit desentralisert asylmottak med mellom 100 og 200 plassar i Os kommune med ein oppstartsdato innan 1. juni 2016.
- Me ser no etter potensielle bygningar i dykkar kommune som eignar seg som bustader for asylsøkjarar i eit desentralisert asylmottak, skriv Alfred Ydstebø og Lars Petter Einarsson i brevet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit desentralisert asylmottak går ut på at ein kan ha fleire bueiningar som ligg på ulike adresser i kommunen, som vert drifta frå ein felles administrasjon i kommunen.
Møte neste veke
Rådmann Christian Fotland har vore i dialog med Abri Vekst, både per telefon og epost.
- Me har ein del spørsmål, og har difor invitert dei hit til Os for eit møte. Det vil finna stad neste veke, seier han.
Han har alt meldt tilbake om at kommunen sjølv hadde ein gjennomgang av bustadmasse i fjor med tanke på mogleg asylmottak, og konkluderte den gongen med at det ikkje fanst noko tenleg lokale.
Dette vil truleg stilla seg noko annleis dersom det er snakk om fleire desentraliserte bueiningar.
- I så fall treng dei ikkje eit stort brakkebygg eller pensjonat, men ser for seg å leiga eller kjøpa bustader i kommunen til føremålet. Det er slike ting me ønskjer å høyra meir om når dei kjem hit neste veke, seier rådmannen.
Kan ikkje seia nei
Bakgrunnen for søknaden er at UDI den 7. mars gjekk ut med anbod om drift av asylmottak. Ifølgje rådmannen er ikkje Os den einaste kommunen Abri Vekst no vurderer.
- Dei har sendt dette brevet til 13 kommunar. Dei siktar seg inn på kommunar med mellom 15. og 20.000 innbyggjarar. I samband med anbodsrunden som UDI har sett i gang, er det eit krav om at dei har kontakta aktuelle kommunar på førehand dersom dei skal etablera eit asylmottak her.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kan Os kommune seia nei om ein vil?
- I liten grad. Det er eit lovverk i botnen her, og slik eg forstår det har ikkje kommunen høve til å hindra etablering av asylmottak dersom Abri Vekst vinn anbodet og ønskjer å etablera seg her, seier Fotland.
Han opplyser om at også eit anna firma, Humaq AS, har kome med eit liknande førespurnad til kommunen. Også dei varslar at dei vil starta asylmottak i kommunen, men med ein kapasitet på 180 personar.
Vil få økonomisk støtte
Dersom eit asylmottak blir oppretta i kommunen, vil kommunen få økonomisk støtte. Eit vertskommune-tilskot skal dekkja ei rekkje av utgiftene.
- Tilskotet består av ein grunnsats per kommune, og ein sats per mottaksplass. Tilskotet skal dekkja utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon i samband med drift av mottak i kommunen, heiter det i retningslinene frå UDI
Fleire særtilskot, som tilskot til grunnopplæring i skulen, vert også gjeve.