Vurderer å endra kommunenamnet
I eit notat til komande møte i styringsgruppa for kommunesamanslåing blir det føreslått at ein går vekk frå namnet Bjørnefjorden kommune. (1. april)
(Dette var ein av to aprilspøkar Os og Fusaposten hadde laurdag 1. april 2017). Os og Fusaposten har fått innsyn i eit internt notat frå ei av kartleggingsgruppene som ser på ulike sider ved samanslåinga. I dokumentet blir det føreslått å gå vekk frå arbeidsnamnet Bjørnefjorden kommune.
— Arbeidsnamnet vart til medan det framleis var aktuelt å ha Tysnes med i samanslåiinga. Sidan Bjørnefjorden er namnet på fjorden mellom Os og Tysnes, er det eit mindre aktuelt namn å ha med i den vidare prosessen, heiter det i dokumentet som er ført i pennen av prosessrettleiar Paul J. Manger.
Artikkelen held fram under annonsen.
Føreslår Fusafjorden kommune
Tre nye alternativ blir løfta fram i det interne notatet. Eitt av dei er «Fusafjorden kommune».
– Namnet på fjorden som bind dei to kommunane saman er Fusafjorden. Bjørnefjorden går over i Fusafjorden mellom Bjørnatrynet i vest og Vinnes i aust, og er såleis ei meir korrekt nemning på fjorden som bind dei to kommunane saman, heiter det om dette alternativet.
Eit anna alternativ er Midhordland kommune, etter modell frå prosessen lenger sør i fylket der Sunnhordland kommune har vore framme som eit alternativ.
Det tredje «nye» alternativet er å halda på Os kommune. Her blir det vist til at fram til Os og Fusa vart delt i kvar sin kommune sist gong (i 1855) var fellesnamnet nettopp Ous.
Eit siste alternativ er å halda på arbeidsnamnet Bjørnefjorden kommune, sjølv om det altså blir vist til at dette hadde vore meir naturleg dersom også Tysnes og Austevoll var med.
Saka skal drøftast i styringsgruppa 27. april, og deretter kjem saka til politisk behandling i båe kommunane.
Overraska over framlegget
Ordførar Marie Bruarøy seier til Os og Fusaposten at ho er overraska over at dette kjem opp alt no.
– Prosessen som pågår har hatt mest fokus på tenestene våre, og eg synest det er litt rart at dette vert løfta fram før dei har funne si nye organisering. Det er framleis fleire år til samanslåinga endeleg finn stad, og spørsmålet kunne godt ha venta til etter at meir presserande tema er avklara, seier Bruarøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når temaet likevel blir løfta fram frå administrativt hald, har ho følgjande kommentar til dei fire alternativa:
— Eg har lenge vore ein tilhengar av Bjørnafjorden kommune, då med a-stavinga. Midhordland meiner eg vert for omfattande i forhold til det som no er faktum. Og Fusafjorden kommune trur eg vert litt vanskeleg å svelja for osingane, og tilsvarande for fusingane med Os kommune, seier ho.
Kvåle: — Må ikkje ekskludera
Ordførar i Fusa er kjent med at samtlege av framlegga som no blir løfta fram, har vore oppe tidlegare.
— Eg har vore med i denne prosessen på ordførarnivå sidan starten, og slik sett er ikkje dette noko nytt for meg. Då me landa på Bjørnefjorden kommune som arbeidsnamn, var det rett nok med tanke på ei mogleg større eining enn berre Os og Fusa, men me veit at det kan koma ein runde to av kommuneslåingsprosessen. Det er såleis framleis mogleg at Tysnes eller jamvel Samnanger kan melda seg på att. Då meiner eg det er viktig å ha eit namn som ikkje ekskluderer omkringliggjande kommunar, seier Kvåle.
Han vedgår likevel at Fusafjorden kommune har ein klang over seg som nok mange frå Fusa vil vera nøgde med.
— Det er ikkje til å unngå at enkelte synest Fusa kjem i ein lillebror-posisjon i høve til Os når ein skal slå seg saman. Dersom det endeleg viser seg at det berre vert Os og Fusa som slår seg saman i 2020, kunne det vore ein fin gest frå Os si side å la Fusa få vera med i det nye kommunenamnet, seier Kvåle.
Vil ha innspel frå folket
Ordførar-kollega Marie Bruarøy seier at det er for tidleg å konkludera på noko alternativ no, og stør Kvåle i at ein i alle fall ikkje må velja eit namn som ekskluderer meir enn nødvendig.
— Eg trur det kan vera lurt å la folket få seia sitt om dette. Ein ting er desse fire alternativa som no blir løfta fram, men kanskje det finst gode namn som me ikkje har tenkt på korkje politisk eller administrativt? Eg vil vurdera å be administrasjonen om å utlysa ein konkurranse der dei beste namneforslaga på den nye kommunen blir honorerte med ein liten premie. Deretter kan me ha ei folkerøysting på alle alternativa me då står att med, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
ol@osogfusa.no