Fusa kommune må bestemma seg for kor mange flyktningar kommunen vil ta i mot i åra 2017-2019. Formannskapet må òg ta stilling til om kommunen har høve til å dobla talet på flyktningar i 2016, eller om ein står fast på det vedtaket som vart gjort i oktober 2013. Her frå Bli Kjend med Fusa-prosjektet i sommar. (Arkivfoto)
Fusa kommune må bestemma seg for kor mange flyktningar kommunen vil ta i mot i åra 2017-2019. Formannskapet må òg ta stilling til om kommunen har høve til å dobla talet på flyktningar i 2016, eller om ein står fast på det vedtaket som vart gjort i oktober 2013. Her frå Bli Kjend med Fusa-prosjektet i sommar. (Arkivfoto)

Vurderer å dobla talet på flyktningar

Skal Fusa ta i mot 10 eller 20 flyktningar i 2016? Det må formannskapet ta stilling til i ettermiddag.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

I eit brev frå Fylkesmannen i Hordaland frå slutten av august, bed Fylkesmannen Fusa kommune om å fatta vedtak for busetjing av flyktningar i åra 2017-2019. Ifølgje busetjingsbehovet bør kommunen ta i mot minst ti nye flyktningar kvart år.

- Kommunen sitt vedtak bør fattast utan atterhald. Vedtak basert på oppmodinga er bindande for begge partar, heiter det i brevet.

I brevet går det også fram at dersom ein ønskjer å busetja fleire flyktningar enn oppmodinga tilseier, så kan ein det.

Fylkesmannen viser mellom anna til at tilskota som vert utløyste ved busetjing av flyktningar, er auka.

- Fylkesmannen bed om at kommunen vurderer korleis betre finansieringsordningar kan nyttast til å byggja opp dimensjonane i kommunen sitt introduksjonsprogram, og skaffa fleire bustader til nye flyktningar, skriv han i brevet.

I tillegg til auka tilskot, har Stortinget vedteke ei ekstraløyving på 50 millionar kroner som skal fordelast mellom kommunar som i løpet av 2015 buset fleire flyktningar enn dei er oppmoda om å gjera, og fleire enn folketalet i kommunen tilseier.

Har teke mot 12 så langt

15. oktober 2013 vedtok kommunstyret i Fusa å busetja ti flyktningar i året i 2014-2016.

Så langt har kommunen teke mot 12 syriske flyktningar, 8 vaksne og 4 born. Innan utgangen av året planlegg kommunen å busetja åtte vaksne og eitt born til. Desse kjem frå Syria og Kongo.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi vil då ha busett totalt 21 personar i 2014 og 2015, heiter det i sakspapira til dagens formannskapsmøte.

Den største utfordringa for Fusa kommune er, ifølgje sakspapira, å finna eigna bustader til flyktningane. Bustader til flyktningar er høgt prioriterte i den nyleg utarbeidde planen, bustadsosial plan.

- Ei prosjektgruppe for bygging av to nye bustader i Eikebakken er etablert. Bustadene kan stå ferdige om eitt år, og kan husa inntil ti personar.

Integreringstilskotet for flyktningar er 696.200 kroner fordelt på fem år (746.200 for einslege vaksne).

- For 2015 ser det ut til at Fusa kommune sine utgifter til mottak av flyktningar vert dekka av statlege tilskot. Korleis ein kjem ut økonomisk på lang sikt, er avhengig av om vi lukkast med integreringsarbeidet, om flyktningane lærar seg norsk godt nok, og om dei får inntektsgjevande arbeid.

20 flyktningar i 2016?

Rådmannen føreslår to alternative framlegg til vedtak. Det eine går ut på å busetja ti flyktningar i året i 2015 og 2016, som planlagt, samt ta i mot ti nye flyktningar i året i 2017, 2018 og 2019. I alternativ to føreslår rådmannen å dobla talet på flyktningar i 2016, frå ti til 20, samt ta i mot ti i året frå 2017-2019.

- Fusa kommune har eit velfungerande tenesteapparat basert på tverrfagleg samarbeid og involvering av lokalt næringsliv og frivillig sektor. Den enorme straumen av flyktningar som kjem til Europa er ei stor utfordring for heile kontinentet, og Fusa kommune bør strekkja seg langt for å hjelpa, heiter det i vurderinga frå rådmannen.

Rådmannen meiner vidare at kommunen har føresetnad for å ta i mot fleire flyktningar dersom situasjonen krev det.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Rådmannen vil ikkje rå politikarane om å ta i mot fleire flytningar alt i 2015, men det bør vurderast for 2016. Fusa kommune må då ta stilling til om vi skal byggja fire husvære i staden for to, og til dømes ta i mot 20 flyktningar i staden for ti, heiter det i sakspapira.

- Langt mindre kommunar enn Fusa tek i mot fleire enn ti flyktningar per år, legg rådmannen til.