Restaurant- og matfag har flytta undervisninga til kvelden denne dagen. Her representert ved kokk og servitør ved Fusa vidaregåande, Aslaug Berge og Eirik Dreyer Karlsen. (Arkivbilete)
Restaurant- og matfag har flytta undervisninga til kvelden denne dagen. Her representert ved kokk og servitør ved Fusa vidaregåande, Aslaug Berge og Eirik Dreyer Karlsen. (Arkivbilete)

Viser seg fram med open kveld

Nysgjerrig på kva elevane gjer heile dagen, kven lærarane er og korleis skulekvardagen fungerer på Fusa vidaregåande skule? Torsdag kveld kan du sjå med eigne auge.

- Eg synest det er ein god anledning for foreldra og ungdommane å henta informasjon om skulen saman. Både frå lærarar og ved å møta dei som er elevar hos oss no, seier rådgjevar ved skulen, Liv Nernæs.

Ho ønskjer at dei som kjem på open kveld torsdag 21. januar skal oppleva møtet med skulen som uformelt, men nyttig og med ein god dialog.

Artikkelen held fram under annonsen.

Presenterer nytt fag

- Alle utdanningsprogramma våre vil vera representerte og det vil vera aktivitetar i romma så ein kan gå rundt og sjå, oppleva, snakka med folk og få informasjon. For eksempel vil elevar ved Teknikk- og industriell produksjon stå og jobba ved maskinane, fortel Nernæs.

På skulen kan dei møta elevar og lærarar, og få informasjon og innsyn i korleis kvardagen er for dei som tek Helse- og oppvekstfag, Naturbruk, Restaurant- og matfag, Teknikk- og industriell produksjon, TAF-helse, TAF-mekaniske fag (TIP), TAF-marine fag og dessutan det faget som

frå hausten 2016 skiftar namn frå Studiespesialisering med formgjevingsfag til Studieførebuande utdanning: Kunst-Design-Arkitektur.

Under open kveld kan besøkjande sjå korleis skuledagen på Fusa vidaregåande føregår. Dei ulike programområda vil visa seg fram, som  restaurant- og matfag der det blir produksjon heile kvelden. (Arkivbilete)
Under open kveld kan besøkjande sjå korleis skuledagen på Fusa vidaregåande føregår. Dei ulike programområda vil visa seg fram, som restaurant- og matfag der det blir produksjon heile kvelden. (Arkivbilete)

- Vi har også open kafe, så ein kan setja seg ned med kaffi og matbit, freistar Nernæs.

Vil rekruttera nye elevar

Det er dei siste årskulla på ungdomsskulen, 9. og 10. trinnet, saman med deira føresette som er spesielt inviterte når Fusa Vidaregåande skule viser seg fram. Nernæs kan opplysa at dei ofte opplever at elevar frå 9.trinnet kjem sjølv om det er to år til dei skal søkja seg inn på vidaregåande utdanning.

- Invitasjonen har gått ut til dei ungdomsskulane som vi rekrutterer mest frå: Fusa, Os, Nore Neset, Tysnes, Hatlestrand, Rosendal, Strandebarm og Samnanger, seier rådgjevaren.

Skulen brukar å visa seg fram for potensielle nye elevar kvart år. Anna kvart år på Fusamesso og dei andre åra med open kveld, som i år.