Første påskedag gjennomførte UP promillekontroll på Lepsøyvegen.
Første påskedag gjennomførte UP promillekontroll på Lepsøyvegen.

Vinglete køyring, kontroll og innbrot

Politiet gjennomførte promillekontroll på Lepsøyvegen i går. Seinare stjal ein innbrotstjuv ein kornett frå ein bil.

Klokka 23 i gjennomførte politiet ein promillekontroll på Lepsøyvegen. Det var 38 kontrollerte.

– Det var generelt god stemning har dei som utførte kontrollen skrive i loggen. Dei er positive til at ein får luka ut dei som køyrer med promille. Men denne gongen vart det ingen reaksjonar, seier operasjonsleiar Morten Rebnor. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Innbrot på Søre Neset

Politiet fekk melding om eit innbrot i ein parkert bil på Søre Neset. 

– Me har fått melding om at ein kornett er teke frå bilen. Det er nok ikkje så veldig gjennomtenkt, truleg noko som har blitt gjort på impuls, seier Rebnor.

Vingling

Eller har politiet fått melding om to bilar som køyrde i kvar sin retning på E39 som køyrde veldig vinglete.

– Den eine bilen køyrde til Halhjem og vart følgt opp av Haugland og Sunnhordland. Den andre bilen køyrde mot Bergen. Fanapatruljen var ute og såg etter han, men han må ha svingt av vegen før Vallaheiane, seier Rebnor.