Vil vera lokal vaktbikkje for funksjonshemma i Os og Fusa
Kommunen må passast på, meiner Sturle Svendal. Om to veker inviterer han til stiftingsmøte for Bjørnafjorden FFO.
Det er meir enn 10 år sidan Os hadde eit lokallag av FFO, eller Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon. Den gongen var Sturle Svendal, som sjølv er svaksynt og medlem av Blindeforbundet, ein engasjert leiar. Han deltok mellom anna i Os kommunes planlegging av Osbadet for å gjera det tilgjengeleg for rullestolbrukarar.
– Dessverre fall lokallaget saman litt etter litt, og til slutt var det berre meg igjen. Men no er vi fleire som er klare for å prøva igjen, fortel Sturle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med seg på laget har han Jan Oddvar Gjerde frå LHL og Dagny Cecilie Paget frå Dysleksiforbundet. Saman inviterer dei til stiftingsmøte for Bjørnafjorden FFO på Os folkebibliotek 8. november.
For denne gongen vil dei også ha med seg fusingane.
– Ja, det blir for dumt å ikkje starta eit lokallag for Bjørnafjorden når Os og Fusa blir ein kommune om eit års tid, seier Svendal.
Han har likevel slitt litt med å koma i kontakt med aktuelle medlemer i Fusa.
– Så eg håpar fleire får med seg denne reportasjen og slenger seg med.
Kva er FFO?
Med sine 82 medlemsorganisasjonar, som til saman har meir enn 335.000 medlemer, er FFO Noregs største paraplyorganisasjon for organisasjonar av funksjonshemma og kronisk sjuke.
FFOs overordna mål er samfunnsmessig likestilling og deltaking for funksjonshemma.
– Kvifor er det viktig å ha eit lokallag av FFO?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Fordi vi treng nokon som kan vera ei vaktbikkje i forhold til kommunen. Det er dessverre mykje å ta tak i, seier han.
Kaotisk på Øyro
Sjølv om Svendal er redd for å virka for kritisk, peikar han på dei store endringane i Os sentrum som eit eksempel.
– Sjølvsagt har det blitt veldig fint, men for ein funksjonshemma er det lettare kaotisk. Det er for eksempel veldig vanskeleg å bevega seg inn på Osøyro med kvit stokk sidan det er få leielinjer der. Før var det fortauskantar ein kunne gå langs, men no er det søyler og kassar som du vanlegvis møter på ein ganske brutal måte.
– Og herlegheit, fontena som bortimot er usynleg og brått skrur seg på, kva tenkte dei på, seier han engasjert.
Ikkje berre kjefta
Svendal er glad for at ein representant frå det lokale FFO også vil få plass i kommunens «Råd for menneske med nedsett funksjonsevne».
Og sjølv om FFO vil vera ei vaktbikkje som sikrar universell utforming i ulike byggjeprosjekt, vil dei også vera ein konstruktiv rådgjevar til dei som måtte ha bruk for det.
– Vi skal ikkje berre kjefta etterpå, ler han.
anne-marie@osogfusa.no