Alve (6), Sissel, Alrik (9) og Adrian (12) seier takk til dama som stoppa og hjelpte.
Alve (6), Sissel, Alrik (9) og Adrian (12) seier takk til dama som stoppa og hjelpte.

Vil takka ukjent redningskvinne

Ein reddande engel kom til hjelp då Alrik (9) datt og slo seg kraftig i hovudet. No vil familien seia takk til dama som stoppa bilen, tok Alrik med, og køyrde han heim.

Torsdag på veg heim frå skulen var Alrik uheldig og fall og slo seg under leik.

- Det var nokon som drog meg i sekken, og så trynte eg. Det var veldig vondt, seier Alrik, heime i stova.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter at Alrik ramla ned vart han liggjande. Han klagde på magesmerter og hovudsmerter. Nokre klassekameratar prøvde å stabla han på beina att.

- Så kom det ein bil med ei dame køyrande. Ho hadde sett at han låg på bakken. Ho stoppa, snakka med ungane, og tok Alrik med ned til Gudridflaten der han bur.

Kjende ikkje att brørne

- Han var ganske omtåka. Han kunne ikkje forklara kva som var skjedd, og han kjente ikkje att brørne sine. Og heller ikkje faren sin. Eg heldt opp to fingrar, og han såg ein. Då skjønte me at han hadde slått seg ganske kraftig, fortel mora, Sissel Lothe.

Deretter bar det til legevakta som kunne konstatera hjerneristing. Alrik fekk beskjed om å ta det med ro ei veke framover. Neste dag var han heime frå skulen. Sakte, men sikkert vart han betre. Sjølv om han ikkje kunne delta i gymmen, så kom i alle fall hugsen tilbake. Og no vert han stadig betre, sjølv om han framleis har ein liten kul i panna.

Jakta på redningskvinna

Nokre dagar etter, fekk familien lyst til å takka den ukjende redningskvinna skikkeleg.

- Eg kjente henne ikkje. Eg fekk så vidt sagt takk til henne då ho leverte Alrik på døra, men eg skulle så gjerne seia takk på ein skikkeleg måte, seier

Lothe.

«Os og Fusaposten» har vore i kontakt med kvinna som hjelpte guten. Ho ønskjer ikkje merksemd kring eigen person, men seier at det var heilt naturleg for henne å stoppa når ho såg kva som hende.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det skulle no berre mangla. Me vaksne er jo her for å hjelpa. Han hadde ei god venninne som var der og hjelpte han også, seier ho.

Dette kan ikkje Alrik sjølv hugsa, men mor Sissel føreslår at det kanskje var ho som fortalte sjåføren kvar han budde.

Ikkje alle som ville gjort det same

- I alle fall synest eg det er viktig å løfta fram det denne kvinna gjorde. Ikkje alle ville gjort det same. Det er lett for å tenkja "det ordnar seg", eller "nokon andre tek seg sikkert av det". Men det gjorde ikkje ho, seier Sissel.

I etterkant av hendinga hadde Sissel og familien lyst å møta redningskvinna, men ho hadde ikkje høve.  «Os og Fusaposten» har i alle fall vidareformidla takkehelsinga frå Alrik og familien per sms.