Vil stoppa bustad-planar: - Vi har verna om skrinnare matjord enn dette tidlegare
Samarbeidspartia fekk uventa støtte.
Fleirtalet i PBU gjekk mot å leggja detaljreguleringa for Kuventræ ut på høyring i sist møte.
– Vi har vore positive til planane før. Det er ein fin stad for barnefamiliar å busetja seg med kort veg til skule og idrettsanlegg. Men slik stoda er no, ønskjer vi å stogga planen, sa Line Furubotn Storum (Ap) i møtet sist onsdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Planen legg til rette for å etablera 23 bueiningar i eit område like ved Kuventræ barneskule og Os idrettspark. Det skal ifølgje planomtalen byggjast ti tomannsbustader og éin tremannsbustad innanfor eit område på omlag 16 dekar. Tiltaket vil føra til at kring seks dekar jordbruksareal vert omdisponert til bustad, noko som fekk landbrukssjef Øystein Svalheim til å visa til den nasjonale jordvernstrategien.
– Totalt sett landar MDG på at det landbrukskontoret skriv veg tyngst. Vi har verna om meir skrinn matjord enn dette, og ønskjer ikkje å gå vidare med planen, sa Nils-Anders Nøttseter (MDG).
– Må sikra areal for framtidige generasjonar
Barntalsperson Beate Moberg er oppteken av trafikktryggleiken på staden. I sakspapira vert det vist til at planområdet har ei alternativ kopling for mjuke trafikantar mot skule og idrettsanlegg, og at rekkjefølgjekravet som administrasjonen føreslår, om å etablera fortau før første bueining vert teken i bruk, kan vera vanskeleg å oppfylla.
– Om det skal vera aktuelt å gjera unntak frå rekkjefølgjekravet, må gangvegen oppgraderast. Vi må òg forsikra oss om at det er mogleg å byggja eit fortau langs den vegen, meinte Moberg.
Asle Olsen (SV) var samd med barnetalspersonen i at gangvegen må oppgraderast, eller at eit fortau må etablerast. Olsen peika også på et leikearealet er for lite.
– Men det aller største problemet, slik SV ser det, er matjorda. Vi kan ikkje byggja ned såpass god matjord. I tillegg er det verdt å ta med at store delar av området ligg innafor bandleggingssonen til E 39, sa SV-politikaren.
– Eg er heller ikkje så begeistra for å la planen gå vidare, vedgjekk Tor Inge Døsen (Frp).
Frp-politikaren meinte det var viktig å sikra offentleg areal for framtidige generasjonar i området.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er heilt urealistisk å tru at det vert bygt eit nytt sentralidrettsanlegg i denne delen av Bjørnafjorden. Dette må dei neste generasjonane leva med i 50 år til. Og slik det er i dag, finst det ingen mogelegheit for å utvida på Kuventræ, påpeika Døsen.
Dermed gjekk av seks av planutvalets ni representantar mot å leggja detaljreguleringa for dei 23 bueiningane på Kuventræ på høyring.