Vil snøen lava ned medan bjørnafjordingane et julemat og opnar pakkar?
Sjansen er like stor som for å få mynt når du flippar eit kronestykke.
— Det er litt vanskeleg å skulla gje deg eit tal på kor stort sannsyn det er for snø i Bjørnafjorden på julaftan.
Det seier vakthavande meteorolog, Magnus Haukeland, ved Meteorologisk institutt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter litt om og men, får avisa likevel eit tal å forholda seg til.
— Kring 50 prosent, vil eg seia.
For julevêret er framleis usikkert. Haukeland fortel at det ser ut til å bli kjøligare frå onsdag av, men det er usikkert kor kjølig det blir.
— Det er difor vanskeleg å seia kva form for nedbør som kjem, seier Haukeland.
— Men det blir nedbør, altså?
— Det er moglegheiter for det, slik det ser ut.
I skrivande stund er det grått, vått og mørkt ute. Det er lite truleg at dette vêret speglar julevêret.
— Julevêret vil ikkje bli slik det har vore den siste tida, med høgtrykk og austavind. Det er heller ikkje sannsynleg at det blir som i dag, seier Haukeland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er meld mykje nedbør og ein del vind dei neste dagane. Langtidsvarselet viser som Haukeland seier, at det skal bli kaldare midt i neste veke. Veslejulaftan ser gradestokken ut til å krypa endå nærare null.