Vil sikra Kongshaug musikkgymnas

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Hordaland Sp) tek til orde for at Kongshaug musikkgymnas framleis skal ha rett til momskompensasjon, også for internatdrifta.

Skatt Vest varsla tidelgare i haust Kongshaug Musikkgymnas om mogleg oppheving av momskompensasjon. I verste fall kan det gje ekstrarekning på 6 millionar kroner.

Les meir:Kan få ekstrarekning på seks millionar over natta

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg meiner det er eit politisk ansvar å leggja til rette for internatskular. Då er det heilt uakseptabelt at regjeringa si manglande handlekraft i denne saka kan føra til at tradisjonsrike skular som Kongshaug musikkgymnas må leggja ned eller redusera tilbodet til elevane, seier Toppe og held fram:

- Når skular plutseleg får rekningar på opptil fleire millionar kroner dumpande ned i postkassa utan at dei har gjort anna enn å fylgje regelverket slik det vart tolka før 2015, er det merkeleg at regjeringa ikkje reagerer, seier Toppe.

I eit såkalla representantframlegg føreslår Senterpartiet difor at internatdrifta ved skulane framleis skal vere omfatta av momskompensasjonsordninga.

Også SP-leiar Trygve Slagsvold Vedum har signert framlegget.