Vil samla 70-års-konfirmantane i Os
Hausten 1946 stod 40 gutar og 38 jenter for presten i Os kyrkje. Dagny Gjerde var ein av dei. No prøver ho å samla dei attlevande til ei lita jubileumsfeiring i august.
- Eg håpar at me kan nå fram til fleire gjennom avisa, for denne gongen kan eg ikkje ta på meg arbeidet med å finna fram til dei som bur andre stader, seier Dagny Gjerde.
Til no har ho fått 14 namn på lista si, og alle ho har snakka med har vore veldig positive til å få i stand ei lita 70-årsmarkering.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dagny hadde også ei aktiv rolle i organiseringa av 50- og 60-årsmarkeringa for konfirmantgruppa si.
Dagny Gjerde voks opp på Gåssand, og sykla inn til Os kyrkje for å vera med på konfirmasjonsførebuingane ein ettermiddag i veka gjennom våren og sommaren 1946. Sjølve konfirmasjonsfeiringa var den gong lagt til månadsskiftet september/oktober, og for Dagny sitt kull vart datoen 29. september.
- For meg som var einaste jenta i klassen min på Søfteland, var det veldig kjekt å bli kjent med andre jenter på min eigen alder. Den gong gjekk jentene og gutane til konfirmantførebuinga kvar for seg.
Den første konfirmantsamlinga hadde dei i den gamle Borgastova på prestegarden i Os, men resten av samlingane hadde dei i kyrkja.
Mykje teori og pugging
- Korleis var det å vera konfirmant for 70 år sidan?
- Mykje har nok endra seg i løpet av desse 70 åra. Ikkje minst når det gjeld førebuinga og overhøyringa me måtte gjennom i kyrkja før me vart konfirmerte.
- Det var veldig mykje teori og pugging. Me måtte læra oss salmevers, bibelsoge, kyrkjesoge og katekisma med forklaringar, fortel den spreke 84-åringen.
Konfirmasjonen gjekk over tre søndagar. Første søndagen var det overhøyring i kyrkja.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Jentene stod oppstilte på eine sida av midtgangen, og gutane på andre sida, og så gjekk presten fram og tilbake og spurte konfirmantane om tema dei hadde vore gjennom.
- Hende det at nokon ikkje vart konfirmerte fordi dei ikkje kunne svara for seg?
- Nei, ikkje det eg veit om. Presten vår var veldig grei, og han visste nok kven som kunne svara og ikkje. Og var det nokon som fekk problem på grunn av sjenanse eller jernteppe, var han snar til å gå vidare til ein annan, fortel ho.
- Alvoret er det same
Dagny Gjerde er bestemor og oldemor til mange, og sist søndag var ho i konfirmasjon til eit oldebarn i Loddefjord.
- Kva er den største forskjellen på konfirmasjonsfeiringa i dag og for 70 år sidan?
- Ja, ein stor og synleg forskjell er jo at medan me talde fem- og ti-kronarsetlar, så tel konfirmantane tusenlappar i dag. Eg veit ikkje om det er så sunt. Det er kjekt å kunna gje noko dei kan ha som eit minne også. Så då vert det gjerne begge deler, smiler ho.
Ein annan stor forskjell var at dei som var unge for 70 år sidan, ikkje var like vane med å bli feira som dei unge er i dag.
- Konfirmasjonen var den første festen der eg opplevde å vera hovudpersonen. Det gjorde eit stort og varig inntrykk. Den gongen var det ikkje så vanleg å feira bursdagar slik ein gjer i dag.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Men, eg vil likevel seia at trass slike forskjellar er alvoret rundt konfirmasjonen den same i dag som den gong. Ungdommen i dag er kunnskapsrike, og dei er absolutt ikkje meir overflatiske enn det me var, legg ho til.
- Hugsar du kva gåver du sjølv fekk?
- Ja, det hugsar eg godt. Eg fekk mellom anna tre søljer, eit armband og ikkje minst eit trerada perleband som eg vart veldig glad for. Dette var nemleg veldig moderne i etterkrigsåra. Eg fekk også pengar, og eg hugsar kor svært det var då eg fekk 20 kroner av ein onkel, seier ho med ein smil.
Sydde kjolar av fallskjermsilke
Då Dagny stod konfirmant, var det framleis rasjonering på mange varer, og det kunne vera vanskeleg å få tak i stoff til å sy fine kjolar av.
Ho hugsar godt kor glad mora vart då ho fekk tak i eit tynt, fint ullstoff ho kunne bruka til å sy ny konfirmasjonskjole til dottera.
- Det var rett nok berre nok stoff til å sy ein kort kjole, og ikkje ein sid, slik som var vanleg då, seier Dagny.
- Det var ei forretningsdame på Osøyro som hadde fått inn eit parti med fallskjermsilke etter krigen, og dette rasjonerte ho ut etter beste evne. Det var ikkje få konfirmantar som gjekk i fotside, kvite kjolar sydd av dette fine silkestoffet, fortel ho.
No ser ho fram til å møta nokre av med-konfirmantane frå 1946 att.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Planen er å møtast søndag 14. august, først i kyrkja, deretter vert det ein felles middag på Halhjem Kafé. Det er ikkje lagt opp til noko stort program, men berre det å koma saman og preika, eta og kosa oss, er ei kjekk avveksling for oss, seier ho.
Om nokon har spørsmål eller kjenner nokon som høyrer til 70-årsjubilantane, kan dei melda seg på ved å ta kontakt med Dagny Gjerde som bur på Gudridflaten i Os.